Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen

Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen jobbe med nærings- og trivselstiltak for bygdene Olden og Oldedalen.

Kontaktutvalet vart invitert på skipsbesøk ombord hos Iona onsdag 6. mai. Fokuset var bærekraftig turisme.Stryn Kommune,...
11/05/2026

Kontaktutvalet vart invitert på skipsbesøk ombord hos Iona onsdag 6. mai. Fokuset var bærekraftig turisme.

Stryn Kommune, Nordfjord Havn og representantar frå samfunnsutvikling var representert saman med Vilde Coward frå Royal Caribbean og Sandra Bratland frå Carnival.

Ein innhaldsrik dag der vi fekk presentert grønare løysingar, kai utvikling i Olden, status gangveg, fakta om reiselivet i området vårt samt kva utfordringane våre er, og kva som kan forbetrast.

Vilde og Sandra hadde også ein presentasjon der ein blant anna fekk innblikk i to av verdas største cruiserederikonsern, fokus mot størst mogleg grad av lokale leverandørar i havnene dei besøker, og at Norsk leverandørindustri er stekt representert ombord på skipa deira. Vi fekk også ei omvising i recycling centeret ombord, der vi fekk eit innblikk i alle tiltaka dei gjer ombord for å etterlate eit minst mogleg avtrykk. Mannskap arbeider på skift heile døgnet for å resirkulere, og gråvatnet skipet slepp ut når dei er til havs, er så reint at det i teorien kan drikkast.

Eit interessant innblikk i ein kvardag vi vanlegvis berre får ta del i frå utsida.

07/05/2026

Kontaktutvalet var 23. februar på kvartalsmøte med Stryn Kommune. Vårt fokus denne dagen var å løfte fram bustadproblematikken i Olden.

Vi spesifiserte at vi trengde ei konkret tilbakemelding på når vi kan forvente at ein reguleringsplan for bustadtomter i Olden er klar. Denne konkrete tilbakemeldinga måtte innehalde datoar vi kunne dele med medlemmane våre på årsmøte 4. mars.

Tilbakemeldinga frå Stryn Kommune var at det skulle være eit internmøte om bustadfelt i Olden fredag 6. mars, og at ein planla å lage ei sak til sektorutvalet 5.mai, som skal vidare til formannskapet 21. mai og kommunestyre 28. mai. Formålet med saka er å bestemme kvar kommunen skal etablere neste kommunale bustadfelt.

I tillegg har vi snakka med dei lokale folkevalde, vore på møte med politiske parti - og i dag jubla vi! 💪

Vi er så glad for at dei folkevalde og kommunedirektøren vår no SKAL satse på Olden! No gjenstår det å sjå korleis det går i formannskapet og i kommunestyret - men no har vi god tru! 👏

28/04/2026

Kontaktutvalet vart invitert til møte med Venstre igår, for å ta tak i den alvorlege bustadproblematikken i Olden og Oldedalen.

Det vart eit svært godt og viktig møte, der vi fekk lagt fram kor stort problemet faktisk er – og kor ofte vi får henvendelsar frå folk som må flytte frå bygda vår fordi dei ikkje finn ein stad å bu. Verken for kjøp eller leige.

Kommunen må prioritere levande bygder framover, og dette hastar. Vi har ikkje råd til å miste fleire som flyttar frå Olden og Oldedalen.

Vi treng løysingar ganske raskt 🙏

Lyst å hjelpe oss å måle benkar ein dag? Gje oss ein lyd! Vi er i full gang!🙏Vi har også fått god hjelp av Ruben og nokr...
16/04/2026

Lyst å hjelpe oss å måle benkar ein dag? Gje oss ein lyd! Vi er i full gang!🙏

Vi har også fått god hjelp av Ruben og nokre guider idag! 👏🏻

Kontaktutvalet har vore svært engasjert i å få på plass ei reiselivsstilling for turismen i Olden og Oldedalen👏🏻 Vi ser ...
13/04/2026

Kontaktutvalet har vore svært engasjert i å få på plass ei reiselivsstilling for turismen i Olden og Oldedalen👏🏻

Vi ser at denne personen vil vere til stor nytte for oss, saman med andre aktørar som Stryn kommune og Nordfjord Havn.

Etter innspel frå medlemmane våre er dette eit veldig godt resultat av samarbeidet vårt, der vi har fått vere med på å løfte fram kva som er viktig – og ikkje minst bidra i arbeidet med stillingsbeskrivelsen.

Endeleg, etter to år, er stillinga lyst ut – ei 100 % fast stilling i Stryn kommune.
Vi gler oss til å samarbeide med den som blir tilsett👏🏻

Vil du søkje? Her er linken!

Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa?Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoo...

I dag har det vore gjennomført dugnad i Olden. Renningane er tatt, sentrum er blitt rydda, vaska, og det er blitt plukka...
11/04/2026

I dag har det vore gjennomført dugnad i Olden. Renningane er tatt, sentrum er blitt rydda, vaska, og det er blitt plukka søppel.
Vi var ikkje så veldig mange, men takk til dei som kunne stille idag! 😊

10/04/2026

Velkommen til dugnad, laurdag kl. 10.00🎈

Informasjon frå Stryn Kommune: 🌼🌿Naturen treng deg! 🌿🌼VÅRRYDDEAKSJON 15. april – 15. maiStryn kommune og Fjordane Friluf...
07/04/2026

Informasjon frå Stryn Kommune:

🌼🌿Naturen treng deg! 🌿🌼
VÅRRYDDEAKSJON 15. april – 15. mai
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon, og vi håpar både lag, organisasjonar og enkeltpersonar vil vere med og bidra.
🌼🌼🌼
Saman kan vi gjere ein viktig innsats for å halde nærområda våre reine og trivelege. Alt innsamla avfall skal leggjast i containerar merkte «Vårryddeaksjon». Desse er berre for herrelaust restavfall – det er ikkje tillate å kaste privat avfall.
🌼🌼🌼
Hugs at elektronisk avfall og farleg avfall ikkje skal i containerane.
🌼🌼🌼
Din innsats gjer ein forskjell – bli med på ryddedugnad!

31/03/2026

I morgon kjem det første cruiseskipet til Olden, her er ei lita oppdatering før sesongen startar for fullt:

🐥Toalettvogna er no på plass i sentrum, og kommunen har klargjort denne.

🐥Toaletta i Sundebygget er også klare til bruk.

🐥Søppeltømming blir gjort to gongar dagleg når det er skip i bygda.

🐥Benkane er ikkje sett ut enno, då dei blir reparerte og måla. Om nokon har høve til å hjelpe til, set vi stor pris på det.

🐥Container blir sett ut i Olden frå 01.04 til 01.05.

🐥Det er planta ut rundt 100 stemorsblomster og påskeliljer i førre veke – no byrjar det verkeleg å bli vår i bygda!

I tillegg blir det dugnad for å gjere bygdene våre klare både for oss fastbuande og for turistane, Olden 11. april og Oldedalen 19. april

Tusen takk til alle som bidreg, det betyr mykje for fellesskapet.

GOD PÅSKE! 🐣🌼

Velkomen til vårdugnad i Olden 🌸
31/03/2026

Velkomen til vårdugnad i Olden 🌸

I dag har vi fått levert nydelege stemorsblomstrar frå Innvik Gartneri 🌸 Desse skal plantast ut saman med påskeliljer fø...
24/03/2026

I dag har vi fått levert nydelege stemorsblomstrar frå Innvik Gartneri 🌸 Desse skal plantast ut saman med påskeliljer før første anløp onsdag 1. april.

Vi kjenner oss heldige, og takksame for Blomsterpikene som legg ned ein så flott innsats for bygda vår!

I dag fekk vi òg god nytte av bygdelageret – ein fin stad å arbeide i ro og fred.

Ein stor takk også til Nordfjord Havn for støtta som gjer det mogleg å kjøpe inn alle blomstrane 🫶🏻

Adresse

Stryn
6788

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen:

Del