13/05/2026
Er du med i eit lag eller ein organisasjon og har lyst å få til eit føredrag, ein debatt, ein konsert eller eit anna arrangement på kveldstid? Vi har lokale du kan låna! På alle tre lokalitetane våre, på Rong, i Skogsskiftet og på Straume, har vi sceneområde med lyd- og lysutstyr, projektor og stort lerret. Ta kontakt om du ønskjer å arrangera noko. Det er gratis å låna lokalet, einaste vilkåret er at arrangementet må vera ope for alle og i tråd med biblioteka sitt føremål: «Å fremja opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd»
Innbyggartorg og bibliotek sine eigne arrangement vil alltid bli prioriterte og biblioteksjefen har redaktøransvaret for arrangement hos oss. Med dette har biblioteksjefen også vetorett dersom arrangementa ikkje fell innanfor Lov om folkebibliotek, og samfunnsoppdraget vårt.
Kontakt programansvarleg
[email protected]
92013698
Eller biblioteksjef
[email protected]
93231213