28/05/2026
Vi prøver ein gong til👍 Vi treng verkeleg litt dugnadshjelp til utvendig malingsarbeid på den fantastiske kunstutstillinga som vi har fått på plass i Øie-bygget i sentrum.
Vi er opptatt av at rammene rundt dei flotte kunstverka som er avbilda og utstilt, bør yte kunsten den respekten den fortener. Derfor vil både vi i Venneforeninga og huseigaren at murane og vinduskarmane bør få seg eit nytt strøk maling!
Så vi oppmodar igjen dei som synest dei har litt tid og litt lyst til gi prosjektet litt hjelp, om å ta kontakt med John Helge eller Olav🙏 Det betyr faktisk mykje for drifta av prosjektet vidare, for vi sparer husleige som vi kan legge inn i andre spennande tiltak😉
(Publisert av Bjørnar Midtbust)
Gråpapiret er vekk! Heldigvis😊 Og den flotte utstillinga kan betraktast gjennom vindua🙏 Men vi er ikkje i mål! Og i denne omgang gjeld det ei oppgradering av dei utvendige veggane, listene rundt vinduene og sjølve inngangspartiet på utstillingslokalet vårt. Vi treng rett og slett litt dugnadshjelp til å måle desse delane!
Vi har i dag gjort ein avtale med huseigar om følgjande:
- Huseigar kjøper inn alt som trengs av måling og alt anna tilbehør
- Venneforeninga påtar seg det praktiske arbeidet.
- Venneforeningen slepp dermed å betale husleige i 2 mnd som kompensasjon for jobben
- Huseigar skal også vurdere å få lagt skifer på trappa m.m.
Det er viktig at dette arbeidet er på plass til den offisielle åpningen vår, som er tenkt gjennomført i slutten av juni. Det er derfor klart til å starte opp arbeidet relativt raskt!
Vi oppfordrer spesielt styret og referansegruppa sine medlemmer til å bidra med å finne folk som kan vere villig til å delta i denne dugnaden.
Vi veit at det er mange som er veldig glade for at denne utstillinga no er på plass! Det er mange som har lagt ned eit stort dugnadsarbeid for å få til dette. No oppfordrar vi derfor spesielt deg som enno ikkje har fått gjort ein innsats, men som er villig til å bruke nokre få timar på å gjere ei flott utstilling endå finare🙏
Vi håper å høyre frå deg! Ta kontakt med John Helge eller Olav viss dette er noko som du kan hjelpe oss med👍