BUA Stord

BUA Stord BUA Stord er eit tilbod for store og små der ein kan låne sport- og friluftsutstyr heilt gratis.

10/08/2026

BUA er diverre stengt i dag

02/07/2026

Me held stengt dei neste to vekene (6-19 juli) 🌞

Det blir ikkje mogleg å gjera reservasjonar med henting eller levering i denne perioden.

Takket vera frivillige blir det mogleg med drop-in innimellom. Me legg ut tidene på Facebook-sida vår.

God sommar! 🌿

✅ God oppdatering!Det ser ut til at alt fungerer som det skal att. Me har testa systemet på staden saman med brukarane, ...
01/07/2026

✅ God oppdatering!

Det ser ut til at alt fungerer som det skal att. Me har testa systemet på staden saman med brukarane, og alt har fungert fint.

Me anbefaler alle å lasta ned den nye appen og bruka den til å opna døra og registrera utlån og innlevering av utstyr.

Lenkje til appen 👇

https://bua.no/app

______________________________________________________
⚠️ Me opplever dessverre tekniske problem med den sjølvbetente BUA-en ved skateparken.

Nokre brukarar har hatt problem med å levera utstyr i appen, og i dag har det òg vore utfordringar med å opna døra via appen.

Feilen er meldt inn, og teknikarane jobbar med å få systemet på plass att så raskt som mogleg.

Takk for tolmodet og forståinga – me håpar alt er i orden igjen snart!

Finn utstyr, reserver og lån gratis i BUA sin nye app for iOS og Android

22/06/2026

BUA held stengt i veke 28 og 29, så treng du noko den perioden, så reserver og hent i neste veke😎

🤹‍♀️ Tusen takk til Flaks jongleringsklubb som har gitt oss 4 sett med fargerike jongleringsballar! 🎉No kan endå fleire ...
22/06/2026

🤹‍♀️ Tusen takk til Flaks jongleringsklubb som har gitt oss 4 sett med fargerike jongleringsballar! 🎉

No kan endå fleire prøve seg på ein aktivitet som både er morosam, utfordrande og lett å ta med seg ut i sommarsola. Jonglering trenar koordinasjon, konsentrasjon og tolmod – og det er ekstra kjekt når ein meistrar dei første kasta!

Ballane er klare for utlån, så kvifor ikkje bruke sommaren til å lære ein ny ferdigheit? ☀️

Takk til Flaks for den flotte gåva! 🤹‍♂️

Tusen takk til   for støtta på 50 000 kroner til prosjektet «BUA – fleire naturopplevingar»!På biletet ser de første del...
15/06/2026

Tusen takk til for støtta på 50 000 kroner til prosjektet «BUA – fleire naturopplevingar»!

På biletet ser de første delen av utstyret som er kjøpt inn – nye tremannstelt, varme soveposar og lakenposar. Dette vil gi endå fleire moglegheit til å oppleve friluftslivet gjennom BUA.

Tusen takk for at de bidreg til at fleire kan kome seg ut på tur! 🏕️

Me er på Friluftsfestivalen no! 🌿☀️Kom innom og prøv alle aktivitetane me har rigga til for born, ungdom og familiar. He...
14/06/2026

Me er på Friluftsfestivalen no! 🌿☀️

Kom innom og prøv alle aktivitetane me har rigga til for born, ungdom og familiar. Her er nokre glimt frå dagen så langt – kanskje ser me deg snart?

07/06/2026

I morgon måndag 8. juni er opningstida kl 13-15😄

Adresse

Hamnegata 20
Stord Island
5411

Åpningstider

Mandag 12:00 - 15:00
Onsdag 14:00 - 17:00
Torsdag 14:00 - 17:00

Telefon

+4791795664

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BUA Stord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del