13/10/2025
Værlandet og Bulandet har hatt besøk av fleire dyktige fuglefolk no i oktober !
111 arter vart notert frå 3-12 oktober ,- noke som er eit relativt bra antal .
Nokre skikkelige godbiter vart det òg!
Det starta med ei austgulerle funnen av Bjørn Olav Tveit i Melværet den 3/10 , ein art som er sett berre eit par gongar før her i øyane, og nokre få gongar i Vestland fylke .
9/10 såg Ola Nordsteien og Sondre Fink ei sabinemåke på trekk ved Sandøy. Denne måka som hekker i arktiske strøk er berre sett 4 gonger før i Sogn og Fjordane .
Ei sjeldan Lappiplerke har helde seg i Melværet heile perioden .
11/10 fann Ola Nordsteien og ei asiasvartstrupe på Langøy i Bulandet. Det er kun sett to ganger før i Sogn og Fjordane! Denne hofarga fuglen vart òg bestemt til underarten russesvartstrupe Medan alle tidligare funn i vestland har vore av ubestemt underart .
Av andre sjeldenheter no i oktober kan nevnast
Dobbeltbekkasin i Melværen , 3 dvergspurv, 5 snadderand i Gåsevatnet 12/10 og ei sivhøne i Guggevatnet .