Sogndal Røde Kors Hjelpekorps

Sogndal Røde Kors Hjelpekorps Dette er Sogndal Røde Kors hjelpekorps si offentlege side. Her vil det bli delt bilete og informasjon Hjelpekorpset har i dag 67 aktive medlem, fordelt på 3 lag.

Me er ein under avdeling i Sogndal Røde Kors. Vårt hovudområde for vakt oppdrag er i Sogndal kommune, men har også eit godt samarbeid med korpsa i nabo kommunane. Hjelpekorpset har lagshus på granden(ved nortura), der har me kontor og lager for utstyret vårt. Me har hytte og garasje i Hodlekve ved skiheisen som me nyttar når me har vakter om vinteren, og ei hytte på fjellet over Hodlekve som ligg

ved Høgehaug. Hjelpekorpset har faste lagskveldar ein gang i månaden frå august til juni, der me trenar på ulike ting som er relativt for oss. Utstyret som hjelpekorpset har er av bra standard, og me er godt utrusta ved vakter og aksjonar. Me bistår politi, ambulanse og brannvesen på aksjonar der det trengst. Ei liste over faste vakter som me har gjennom året:
-Vinter sesongen ved Hodlekve skisenter (kvar søndag).
-Fjellsport festivalen.
-Påskeberedskap.
-Alpin renn.
-Lerum cup.
-Heimekampane til Sogndal Fotball.
-Andre vakter ved førespørsel. Hjelpekorpset ønskjer deg velkommen, og håpar du blir med oss på vakter og aktivitetar framover. Er det noko du lurer på så ta kontakt med ein av oss:
-Vegard Orrestad, tlf 47828084
-Daniel Fritzon, tlf 41469138

Med vennleg helsing
Styret i Sogndal Røde Kors Hjelpekorps

Leiar: Vegard Orrestad
Operativ leiar: Eivind S. Torstad
Styremedlem: Thomas Navarsete
Styremedlem: Eirik Stedje
Styremedlem: Gunnstein Flugheim
Varamedlem: Ole Martin Tvedt
Varamedlem: Jonas Engeseter
Varamedlem: Birthe Borlaug

Me e så heldige å ha godt samarbeid med Sogndal Skisenter. I dag har dei vorre oppe på Britabu og preparert løype heilt ...
31/03/2026

Me e så heldige å ha godt samarbeid med Sogndal Skisenter. I dag har dei vorre oppe på Britabu og preparert løype heilt fram til hytta og laga det fint til der framme🤩 Så no e alt klart til grillinga på Britabu på skjærtorsdag. Det er meldt strålande vær så alt ligg til rette for ein flott dag til fjells. Me gler oss 🤗

Frå kl.17 og utover i kveld vil me i lag med skredgruppa, redningshundane, politi og helse halde ei større øvning i områ...
26/03/2026

Frå kl.17 og utover i kveld vil me i lag med skredgruppa, redningshundane, politi og helse halde ei større øvning i området rundt Hodlekve skisenter. Det vil bli ein del ski og skuteraktivitet i området knytta til dette😁

I gårkveld hadde me lagskveld me fokus på skredredning i Hodlekve. Godt oppmøte og ein lærerik kveld der me fikk øvd på ...
06/03/2026

I gårkveld hadde me lagskveld me fokus på skredredning i Hodlekve. Godt oppmøte og ein lærerik kveld der me fikk øvd på dei forskjellige fasane i skredredning. Me vil rette ein takk til skisenteret for det gode samarbeidet og for hjelp til å tilrettelegge eit skredområde til oss 😊

06/02/2026

❄️ Lagskveld med øving på snørekøyring ❄️

På Torsdag denne veka hadde me lagskveld der fokus var på snørekøyring med snøskuter. Snørekøyring er kort fortalt personar i eit tau, på ski, bak ein snøskuter. Dette er ikkje berre rett fram, hverken for skutersjåfør eller dei på ski. Derfor lyt me øva!

I mange av aksjonane me blir kalla ut på, er me heilt avhengige av snørekøyring for å nå fram til pasient eller ei hending så raskt som mogleg. God trening gjer oss tryggare, meir effektive og betre rusta til å løyse oppdraga vi står ovanfor – når det verkeleg gjeld.

Slike øvelsar er heilt avgjerande for å lukkast i reelle hendingar 💪🚨

Søndag ettermiddag sjekka vaktlag 3 ut tilkomsten til Britabu og Høgehaug om uhellet skulle være ute😁
26/01/2026

Søndag ettermiddag sjekka vaktlag 3 ut tilkomsten til Britabu og Høgehaug om uhellet skulle være ute😁

No kan vi verkeleg seie at beredskapen i Sogndal står sterkare! Stor takk til SpareBank 1 Sogn og Fjordane for alle dei ...
23/01/2026

No kan vi verkeleg seie at beredskapen i Sogndal står sterkare! Stor takk til SpareBank 1 Sogn og Fjordane for alle dei generøse bidraga som gjer det mogleg for oss å styrkje lokale, utstyr og innsatskapasitet.
Med deira støtte er vi betre rusta til å rykke ut når det verkeleg trengs – enten det er i krevjande vinterterreng, ved søk og redning, eller i andre situasjonar der folk treng hjelp frå oss. Som eit frivillig hjelpekorps er vi stolte av å kunne stå klar for alle i vår kommune, og denne typen støtte er heilt avgjerande for at vi kan halde fram med å gjere ein forskjell. 

Les meir om gåvene og kva dei betyr for oss her: https://www.sparebank1.no/nn/sogn-fjordane/om-oss/nyheter/ny-scooter-sogndal-rode-kors.html

Tusen takk for at de støttar frivillig innsats og tryggleik i lokalsamfunnet vårt!

Hjelpekorpset i Sogndal Røde Kors har fått pengar til ein flunkande ny skuter. – No har vi ein langt betre beredskap i Sogndal-området, seier leiar Helge Torstad.

I kveld hadde me lagskveld i Hodlekve med fokus på pasienthandtering og pasienttransport ute i vinterfjellet, etterfulgt...
08/01/2026

I kveld hadde me lagskveld i Hodlekve med fokus på pasienthandtering og pasienttransport ute i vinterfjellet, etterfulgt av varm suppe i hytta. Kjekt at så mange nye og gamle medlemma kunne kome 😊

I kveld hadde me lagskveld oppe i hytta i Hodlekve. Her gjekk me gjennom og pakka pulkane med nødvendig utstyr, så no e ...
19/11/2025

I kveld hadde me lagskveld oppe i hytta i Hodlekve. Her gjekk me gjennom og pakka pulkane med nødvendig utstyr, så no e me klare til vinteren 🤩

No har me fått hjertestartar utvendig på lagshytta i Hodlekve, som er tilgjengelig for alle i området. Ein stor takk til...
19/11/2025

No har me fått hjertestartar utvendig på lagshytta i Hodlekve, som er tilgjengelig for alle i området. Ein stor takk til Luster Sparebank som har gitt dette i gåve til oss😊
Denne ligg inne på kart i www.hjertestarterregister.113.no

I går kveld vart me utkalla for å hjelpe to turgåarar som va skårfast ved storhogen. 12 medlemma frå hjelpekorpset saman...
13/10/2025

I går kveld vart me utkalla for å hjelpe to turgåarar som va skårfast ved storhogen. 12 medlemma frå hjelpekorpset saman med 3 frå norske alpine redningsgruppe var med å lokalisere dei og få dei trygt ned igjen.

Imponerande innsats av alle som var med og som utførte arbeidet på ein trygg, effektiv og profesjonell måte i svært krevjande terreng 👏🏻👏🏻

10/10/2025

💪 Frivillighet i praksis – saman er vi sterkare! ❤️

Våre gode naboar i Hafslo Røde Kors Hjelpekorps og Luster Røde Kors Hjelpekorps har, i samarbeid med Statkraft, laga denne flotte videoen som viser kor viktig frivilligheita er – og kor mykje godt som kjem ut av gode samarbeid! 🙌

Som frivillige i Sogndal Røde Kors Hjelpekorps veit vi kor avgjerande det er å ha både engasjerte menneske og solide samarbeidspartnarar i ryggen. Slike samarbeid gjer det mogleg å investere i utstyr og kompetanse – slik at vi kan rykke ut trygt og effektivt når nokon treng hjelp. ⛑️

Tusen takk til alle som støttar det frivillige redningsarbeidet – anten med tid, utstyr eller midlar. Saman reddar vi liv ❤️

Luster Røde Kors Hjelpekorps

Onsdag til søndag forrige veke blei det arrangert VFØR på Kaupanger. Her hadde me med 4 dyktige medlemmar som var med å ...
30/09/2025

Onsdag til søndag forrige veke blei det arrangert VFØR på Kaupanger. Her hadde me med 4 dyktige medlemmar som var med å arrangere saman med Luster, Hafslo og Hordaland. Kjekke dagar med mykje ulike øvingar og interresant teori saman med dyktige deltakarar. Me vil også rette ein stor takk til alle markørar og sminkørar som stilte opp heile helga og gjor øvinga enda meir reell. I tillegg vil me rette ein takk til både ambulansen og Sogn Brann og redning som stilte opp og demonstrerte hurtigfrigjering for oss. Alle bilete som er brukt er tatt av Håvard Bjelde

Adresse

Sogndalsfjøra
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogndal Røde Kors Hjelpekorps legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sogndal Røde Kors Hjelpekorps:

Del