09/03/2026
HEI! 😊 Her kjem ei oppdatering!
Framover vil «Ope hus» på Trivselstunet overta som den sosiale møteplassen på Trivselstunet, i staden for Fjøratreff.
Tilbodet er ope kvar tysdag, og du kan kome når det passar for deg. Det er mogleg å delta på middag kl. 17, eller berre kome til aktivitetane etterpå. Programmet blir lagt ut på heimesida til kommunen, og jamleg oppdatert :
https://www.sogndal.kommune.no/aktivitetstilbod.623406.nn.html
Me takkar for alle gode stunder på Fjørateff og håpar mange vil nytte seg av dette nye, flotte tilbodet! 🙌
Facebook-sida til Fjøratreff vil vere aktiv ei stund framover før ho blir avvikla.