EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar å kome med i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020. Gjennom EU-nett SFJ får innovative verksemder høve til å samarbeide med offentlege etatar og forskarar om å utvikle gode idear og løfte dei til eit internasjonalt nivå. Alle som ønskjer å følgje aktivitetar innan desse områda, kan delta i nettverket. Nettverket er ope for aktørar fr
å offentlege etatar, næringsliv og FoU-miljø i Sogn og Fjordane. Gjennom nettverket vil deltakarane få informasjon om kva moglegheiter som finst innan Horisont 2020, korleis dei bør gå fram, og kven dei kan samarbeide med. Målet med nettverket er at næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø i Sogn og Fjordane i auka grad skal delta i Horisont 2020. For å lukkast med internasjonalt FoU-arbeid trengst det mellom anna ein god prosjektidé, innsats over tid, internasjonalt nettverk, samarbeid med FoU-aktørar og kompetanse i eiga verksemd. Deltaking i EU-nett SFJ gjer dette arbeidet lettare. Medlemmane i nettverket kan delta på møte, kurs, arbeidsverkstader og konferansar for å auke eigen kompetanse. Nettverket vil nytte lokale ressurspersonar, men også hente inn kompetanse utanfrå. Det vil bli brukt digitale verktøy for å auke utvekslinga av idear og informasjon til og mellom medlemmane. Nettverket vil også arrangere studieturar til Brussel og Horisont 2020-arrangement i Norge og Europa. Gjennom nettverket vil medlemmane få informasjon om relevante program og prosjekt. EU-nettverk Sogn og Fjordane er støtta av Forskningsrådet. Forskningsrådet sitt mål med å støtte EU-nettverk er auka mobilisering og deltaking i Horisont 2020, gjennom auka kompetanse, betre samarbeid mellom sentrale aktørar, læring og deling av god praksis og utvikling av alliansar.