Sogndal Båtlag

Sogndal Båtlag Dette er den offisielle Facebook-sida til Sogndal Båtlag. Laget vart skipa 4. Der lagar du deg ein brukar og kjem automatisk inn på ventelista.

Velkommen til facebooksida til Sogndal Båtlag

Sogndal Båtlag har som viktigaste føremål å fremje og ta vare på medlemane sine interesser når det gjeld bruk av småbåtar. mars 1976 og baserer drifta først og fremst på dugnad og friviljug innsats frå medlemmene. Laget har sjølveigd båthamn og klubbhus på Skrivarholmen mellom Loftesnes og Barsnes, eit lite stykke innover langs Barsnesfjorden i Sognda

l kommune. Er du interessert i båtplass hjå oss, følg linken nedanfor og søk om båtplass gjennom Havneweb. Har du nokon spørsmål ta gjerne kontakt. https://app.havneweb.no/sokplass/453

15/06/2026

Informasjon om nattestenging av Barsnesvegen

Kommunen skal utføra vegarbeid på Barsnesvegen i perioden tysdag 16 juni til fredag 3 juli, der det skal bytast fleire stikkrenner på strekninga frå RV5 til båthamna.

Arbeidet medfører nattestenging i vekedagane mellom kl. 22:00 og 06:00. Første stenging blir natt til 17 juni på strekninga mellom Blandao og båthamna.

I same periode vil det bli utført arbeid på dagtid mellom 09:00 og 14:00. Trafikantar må då belaga seg på ventetid inntil 15 minutt før trafikken blir sloppe gjennom.

Ved kritiske hendingar som medfører behov for blålysetatane innanfor stengeområdet vil vegen bli opna i løpet av 5 minutt slik at dei kan passera.

Stadsansvarleg og kontaktperson i samband med arbeida:

Jon Hillestad. tlf: 952 81 092

Vegarbeid på Barsnesvegen(utdrag frå informasjonsbrev frå Sogndal kommune)Informasjon om kommande vegarbeid på Barsnesve...
29/05/2026

Vegarbeid på Barsnesvegen(utdrag frå informasjonsbrev frå Sogndal kommune)

Informasjon om kommande vegarbeid på Barsnesvegen, KV15060 på strekninga RV5 til båthamna (omlag 900 m)

Tidsrom for arbeidet
• Planlagd oppstart: Første del av arbeida som inneber grøfterensk og stikkrenner er planlagde utført i juni – juli 2026. Sjølve rehabiliteringa av
vegbana er planlagd starta i august 2026.
• Stadleg skilting og informasjon vil komma nærare oppstart. Det vil og bli lagt ut informasjon på nettsida til kommunen om periodar for stenging.
• Venta ferdigstilling: Arbeida er planlagde ferdigstilt seinhaust 2026.

Konsekvensar:
Første del av arbeida kan bli nødvendig å gjera på nattestid på grunn av logistikk og trafikkavvikling. Det kan bety nattestøy i periodar.

I anleggsperioden må det påreknas:
• Redusert fart

• Kortvarige periodar med stengd veg på inntil 2 -3 timer. Dette vil bli varsla nærare når entreprenør veit nøyaktig tidsrom.

Arbeidet vil normalt halda fram i tidsrommet: 07:00–19:00 på kvardagar. Avvik kan førekomma.

Har du hugsa å sette Sogndal Båtlag som mottakar av grasrotandelen?  Det gjer du på heimesidene til Norsk-tipping 🤗 🦈
15/05/2026

Har du hugsa å sette Sogndal Båtlag som mottakar av grasrotandelen? Det gjer du på heimesidene til Norsk-tipping 🤗 🦈

Ein stor merkedag då me på fredag fekk montert på dei nye utriggerane i heile hamna, etterfølgt av ei opprydningsøkt på ...
20/04/2026

Ein stor merkedag då me på fredag fekk montert på dei nye utriggerane i heile hamna, etterfølgt av ei opprydningsøkt på laurdag. Litt smått står att, me er svært fornøgd med resultatet og gler oss til å nytte hamna i lag med alle medlemmane.

Me i styret ynskjer å rette ei stor takk til alle som har bidrege gjennom dugnadane sidan arbeidet starta i vinter. Før helga var det registert 139 dugnadstimar og etter helga heile 238 timar. Det syner eit stort engasjement for båthamna vår.

Nyt bileta!

https://app.havneweb.no/havner/sogndal-bl/nyheter/3888

14/04/2026

Hugs årsmøtet i Sogndal Båtlag, tysdag 14.april, kl 19.00 !

Det har vore mykje aktivitet i båthamna dei siste vekene i forbindelse med montering av festemateriell og utriggarar. Up...
25/03/2026

Det har vore mykje aktivitet i båthamna dei siste vekene i forbindelse med montering av festemateriell og utriggarar. Upåklageleg stemning og innstas frå dei frammøtte! Oddetalssida på Alfabryggja nærmar seg ferdig. Me ventar på ein restleveranse frå Vik Ørsta før me kan forsette på partalsida. På Bravo står det att noko lite arbeid før me er klar til montering. Me vil senda ut innkalling til større dugnadsøkter. Me tek sikte på første helga etter påske avhengig av tilgang på kran.

Ellers vil me ynskja alle båtlagsmedlem ei god påske!

https://app.havneweb.no/havner/sogndal-bl/nyheter/3818

18/03/2026

Innbyding til Årsmøte i Sogndal båtlag 14.april 2026
Kl 19.00 i klubbhuset

Båtlagsmedlemmar, møt opp på årsmøtet! Det er mykje som skjer i båtlaget i vår, og vi treng alle medlemmene.

Innbyding inkl vedlegg er sendt ut på e-post

Me ynskje også å minne om at medlemmer som ikkje skal bruke båtplassen sin i 2026 melder frå til styret slik at me kan ha dei til framleige

25/02/2026
Sogn skøyteklubb har kurs i båthamna i dag, Søndag. Trygg ferdsel på fjordis
08/02/2026

Sogn skøyteklubb har kurs i båthamna i dag, Søndag. Trygg ferdsel på fjordis

Adresse

Loftesnes 98
Sogndal
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogndal Båtlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sogndal Båtlag:

Del