25/08/2026
Vi var 21 personar på turen til Stigen og Beitelen.
Først med båt frå Undredal til kaien ved Stigen. Det er bratt opp til nedre Stigen, men godt å gå dersom ein ikkje har høgdeskrekk. Vidare gjekk vi forbi øvre Stigen. Båe gardane er godt sett i stand og kulturlandskapet skjøtta. Opp til Beitelen er det tidvis bratt, men belønninga er stor når vi kjem til utsiktpunktet, der vi hadde ein god rast.
Retur same vegen i roleg tempo, og alle kom seg fin nedatt til kaien der båskyssen venta.
Flott tur i uvanleg vakkert vêr.
Turleiarane Finn Loftesnes og Tom Dybwad fortalde om naturen, verdsarven og historier frå gamle dagar.