01/04/2026
Hafslo Røde Kors Hjelpekorps lanserer nytt system
"Fjellvarsel 2.0"
I dag tek me i bruk eit heilt nytt varslingssystem som skal hjelpe oss å fange opp klassiske tur-tabbar før dei skjer. Systemet analyserer GPS-bevegelsar og gir oss varsel når ein turgåar har teke “den der vesle snarvegen som ser lur ut, men aldri er det.”
Når risikoen blir høg, sender systemet automatisk SMS til vedkommande:
“Hei! Du er no på veg inn i eit område der 7 av 10 har angra. Vil du snu?”
Tek du feil sti to gonger på rad, får du ein oppmuntringsmelding:
“Du gjer ditt beste, og det er godt nok! Men sjå litt på kartet, òg.”
Testinga startar i dag – så ikkje bli overraska om du møter frivillige som dukkar opp på stader me sjølve ikkje heilt veit korleis me kom oss til.
Og hugs:
😄 Det er 1. april. Me lovar at resten av beredskapen er heilt ekte.
🐣🐣Hugs å sjekke Varsam før du legg ut på tur!
Riktig god påske til alle våre følgjarar!🐣🐣