Naturvernforbundet i Indre Sogn

Naturvernforbundet i Indre Sogn Naturvernforbundet i Indre Sogn famnar kommunane Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal.

01/06/2026

Sognefjorden skal bli verna - kom og sei din meining om korleis vernet skal bli

Torsdag 4.juni skal vi ha fjordkveld på Det Gule Huset😃 Eit forslag om marint vern av heile Sognefjorden er ute på høyri...
22/05/2026

Torsdag 4.juni skal vi ha fjordkveld på Det Gule Huset😃

Eit forslag om marint vern av heile Sognefjorden er ute på høyring!!
Vi har fått Maria Knagenhjelm frå statsforvalteren i Vestland, til å kome og snakke oss igjennom kva dette vernet inneber.

Det blir moglegheit for spørsmål, diskusjon og skriving av høyringsinnspel🎊

Gratis suppe til alle som kjem🤩

Vi var så heldige å få Dr. Eve Jourdain til å halde foredrag for oss på Det Gule Hus forrige fredag!😃 Ho fortalde oss om...
15/05/2026

Vi var så heldige å få Dr. Eve Jourdain til å halde foredrag for oss på Det Gule Hus forrige fredag!😃

Ho fortalde oss om forskinga si på spekkhoggarar, og om korleis man i det heile tatt går fram for å forske på så utilgjengelige dyr.

Kjellaren i Det Gule Hus var fylt til brimmen av folk, og vi takkar alle frammøtte for god stemning!🤝🎉

Så kjekt å sjå at det er så mange som interesserer seg for spekkhoggarar😃

For å lære meir, klikke deg inn på nettsida til Norwegian Orca Survey.

Og hugs å legg ut bilete/video av spekkhoggarar i facebook-gruppa: Spekkhoggarar i Sognefjorden! 📹✨🤩

På fredag blir det holdt spekkhoggerforedrag på Det Gule Hus🤩 Dr. Eve Jourdain har jobba med spekkhoggarar i over ti år....
04/05/2026

På fredag blir det holdt spekkhoggerforedrag på Det Gule Hus🤩

Dr. Eve Jourdain har jobba med spekkhoggarar i over ti år.
No kjem ho til Sogndal for å fortelje oss om den banebrytande forskinga si og om spekkhoggarfamiliane som støtt og stadig patruljerer i Sognefjorden.

Det startar kl1745 og er gratis inngang😃

Ta med deg ein ven og nytt deg av denne eineståande sjansen til å lære om nokon av dei kulaste dyra i verda.
Frå ein vaskeekte spekkhogger-ekspert!

På laurdag plukka vi 180kg søppel ved Årøy i Barsnesfjorden! 😃Vi hadde ein kjempefin dag med flott natur, kjekke folk og...
23/03/2026

På laurdag plukka vi 180kg søppel ved Årøy i Barsnesfjorden! 😃

Vi hadde ein kjempefin dag med flott natur, kjekke folk og grilling!

Tusen takk til alle som kom og bidrog! 👏💚

På laurdag plukka vi 180kg søppel ved Årøy i Barsnesfjorden! 😃Vi hadde ein kjempefin dag med flott natur, kjekke folk og...
23/03/2026

På laurdag plukka vi 180kg søppel ved Årøy i Barsnesfjorden! 😃

Vi hadde ein kjempefin dag med flott natur, kjekke folk og grilling!

Tusen takk til alle som kom og bidrog! 💚👏

Laurdag 21. mars kl. 12:00 inviterer vi til strandrydding inst i Barsnesfjorden – ved Årøy i Sogndal!😃Årøy har det einas...
17/03/2026

Laurdag 21. mars kl. 12:00 inviterer vi til strandrydding inst i Barsnesfjorden – ved Årøy i Sogndal!😃

Årøy har det einaste intakte deltaet i heile Sognefjorden, med raudlista edellauvskog, strandenger og 18 registrerte raudlisteartar. Området er i ein verneprosess og vert snart naturreservat – la oss ta vare på denne perla!

📆 Tid: Laurdag 21. mars kl. 12:00

📍 Stad: Årøy, Sogndal – køyr Årøyvegen frå Sogndal

🚘 Parkering langs vegen ved oppmøtepunktet

Vi stiller med sekkar og hanskar

Vi avsluttar med bål og grilling – grillmat er på oss!

Ta med varme klede og gode sko

😎😎😎

Aksjonen er registrert via ryddenorge.no – utgifter til avfallsretur vert dekka.

Se ilden, vannet, jorden, luften på årsmøtet til Naturvernforbunde i Indre Sogn! Alle er velkomne, og det er bare å møte...
23/02/2026

Se ilden, vannet, jorden, luften på årsmøtet til Naturvernforbunde i Indre Sogn!

Alle er velkomne, og det er bare å møte opp i kjelleren til det gule huset i Sogndal, onsdag 11. Mars kl. 17:45 🌱

Bli med på førpremiere på "vi som solgte landet"!  Filmen går på Sogndal kino tirsdag 25. November og torsdag 27. Novemb...
23/11/2025

Bli med på førpremiere på "vi som solgte landet"! Filmen går på Sogndal kino tirsdag 25. November og torsdag 27. November kl. 18:00. Husk å kjøpe biletter!

Siste veka av november inviterer dei grøne organisasjonane i Sogndal til Grøn Veke! Det blir vist førpremiere på filmen ...
12/11/2025

Siste veka av november inviterer dei grøne organisasjonane i Sogndal til Grøn Veke!

Det blir vist førpremiere på filmen "Vi som solgte landet"
Det blir NATURBAZAR med Naturvernforbundet og
Det blir Grøn fredag med Framtiden i Våre Hender Sogndal, SIMAS IKS Trivselssentralen og Sogn Næring

Finn hendinga på facebook eller i KvaSkjer appen!
Vi sjåast :D

Adresse

Sogndal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Naturvernforbundet i Indre Sogn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Naturvernforbundet i Indre Sogn:

Del