31/10/2025
Fehnsfeltet – grøn mineralpark, lokasjon og transport må utgreiast meir!
Det gjeld eit stort og komplisert prosjekt kor det er forventingar om stor nytteverdi av verdifulle mineral frå Fensfeltet ; men som samtidig gir mange utfordringar når det gjeld natur/miljø og klima.
Val av lokalisering legg premissar for det vidare arbeidet med å finne best løysing på ulike delspørsmål i prosessen. Konsekvensane vil vera langvarige. Utgreiings- og planleggingsprosessen er tidkrevjande men resultatet skal kunne forsvarast i eit hundreårperspektiv. Det tilseier at det trengs å gjera alle undersøkingar og vurderingar som potensielt kan medverke til å minimere skadelege verknadar ved etablering og drift av gruve og tilhøyrande anlegg.
Etter at det er gjort grundige naturkartlegging av 4 område har kommunen peikt på to alternative plasseringar av industrianlegget.
Bærevann:
Kartleggingar har vist 78 raudlisteartar, langt 78. Det er funne mange naturtypar, 67 av desse er på raudlista - 8 i kategorien Sterkt trua. Norge har eit særleg forvaltningsansvar for 6 av desse artene. Det er dokumentert at dette området har svært verdifulle, umisselege naturverdiar. BKA kan derfor ikkje støtte alternativet Bærevann.
Nukedalen-Vindsås:
Desse områda har òg stort naturmangfald, og med myr-areal som er viktig i klimasamanheng.
For Vindsås er det gjort funn av 52 naturtypelokalitetar, der 30 er raudlista. Det er funne 34 raudlistearter, kor det er 3 i kategori Sterkt truga og 7 i kategorien Sårbar, 1 art er omfatta av Forskrift om fredning av truede arter.
I Nukedalen er det gjort funn av 50 naturtypelokalitetar, 35 av naturtypane står på raudlista. Det er gjort funn av 50 raudlisteartar, der 6 er i kategori Sterkt truga ,2 av artene er omfatta av Forskrift om fredning av truede arter.
Resultatet frå kartlegging av Vindsås og Nukedalen viser at etablering også her vil ha veldig alvorlege konsekvensar, i form av uakseptabelt tap av naturverdiar og tap for friluftsliv -sjølv om ein prøver tillempe med å justere avgrensinga av området. Ut frå det som er funne i utgreiinga kan heller ikkje dette alternativet støttast.
Alternativ for plassering av industrianlegget
Det er ein kritisk mangel at planleggings- /lokaliserings-prosessen er avgrensa til innafor kommunegrensa til Nome. Det bør takast initiativ til å løfte dette nasjonalt viktige store prosjektet til eit nivå med statleg og interkommunalt engasjement for samarbeid om dei beste løysingane
Ved arbeid med å etablere ei verksemd av dette omfanget er det av omsyn til naturverdiar og andre sentrale samfunnsinteresser kritisk viktig å søkje finne dei mest optimale og aller minst skadelege løysingane. Det trengs derfor tilsvarande utgreiing av andre potensielle område innafor akseptabel avstand. I utvalet bør det da inkluderast område med ein del lengre avstand frå gruve til industrianlegg enn 6 km som det i denne omgangen vart lagt opp til, med fleire alternativ innafor Nome eller i nabokommunar, uavhengig av kommunegrense.
Alternative moglegheiter for transport
Det kan bli behov for transport av avgangsmassar -som da vil utgjera eit stort volum. For å finne den beste transportløysinga trengs det grundig utgreiing av alle alternativ. Det er angitt som mogleg å anleggje jernbane som alternativ til vegtransport. Det må i tillegg gjerast ei grundig utgreiing av transport på vann, på Telemarkskanalen. Det er tradisjon for lektertransport etc. fram til industriområde /hamn.
Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA)er ein norsk tverrpolitisk organisasjon som arbeider for ein ansvarleg klima- og naturpolitikk på vegne av komande generasjonar.
Magnar Nesset, leder BKA Telemark
Inger Norendahl, BKArepresentant Nome

Som illustrasjon har vi valgt en artikkel fra NRK Telemark, 1. juli 2025.
Fensfeltet i Telemark har store forekomster av jordartene hele verden vil ha. En fersk rapport viser at gruvedrift vil føre til enorme konsekvenser for natur og friluftsliv.