Røde Kors Seljord

Røde Kors Seljord Seljord Røde Kors er ei lokalforening tufta på Røde Kors sine prinsipp og verdiar. Vi er ein beredskaps- og humanitær organisasjon klar for å hjelpe!

Det har vore ei roleg påske for Røde Kors i Seljord, men i går på påskeeftan så rykka me ut med mannskap og utstyr til m...
05/04/2026

Det har vore ei roleg påske for Røde Kors i Seljord, men i går på påskeeftan så rykka me ut med mannskap og utstyr til melding om snøskred på Gaustatoppen. Heldigvis gjekk alt bra og aksjonen blei avslutta før våre mannskap kom fram.

Det er betydeleg snøskredfare (oransje) i vårt område, mykje nysno i fjellet, så skal du ut i siste del av påska sjekk varsom.no og ikkje beveg deg i farleg terreng. Fortsatt god påske🐣

Aktiv helg for hjelpekorpset.Det starta med mannskap på veg til snøskred ved Gaustablikk på laurdag, heldigvis ingen tat...
16/03/2026

Aktiv helg for hjelpekorpset.

Det starta med mannskap på veg til snøskred ved Gaustablikk på laurdag, heldigvis ingen tatt av skred og aksjon avslutta.

På sundag fulgte me Bø turlag sin årlege skitur frå Grimås til Jønnebø med ca 60 deltakere, og me stilte med tre snøscooterpatruljer. Ein trygghet når været dreg seg til.

Og seint sundag kveld rykte mannskap ut på leiteaksjon etter skiløper på Lifjell i dårleg vær, der den sakna var funne i god behold.

Mannskaper frå Seljord Røde Kors deltok i aksjonen i Tokke der ei kvinne fortsatt er sakna. Den operative redningsaksjon...
03/12/2025

Mannskaper frå Seljord Røde Kors deltok i aksjonen i Tokke der ei kvinne fortsatt er sakna. Den operative redningsaksjonen er no avslutta.

Over 100 mannskap har delteke, i ein krevjande og godt koordinera innsats. Takk for godt samarbeid med alle aktørar.

Foto: Telemark Røde Kors og Erlend F. Ellingsen

https://www.vtb.no/nyhende/har-leita-sidan-sundag-det-gar-innpa-oss/614519

Da var Ønsketreet i Granvin kulturhus pynta med god hjelp av frivillige. Har du lyst til å gje ei gåve, kan du hente ein...
25/11/2025

Da var Ønsketreet i Granvin kulturhus pynta med god hjelp av frivillige.
Har du lyst til å gje ei gåve, kan du hente ein ønskelapp frå Ønsketreet.
Tusen takk til Sparebanken Din Telemark for eit flott bidrag til årets aksjon:

Jolegåveaksjonen 2025 er i gang og 25.november er Ønsketreet på plass i Granvin Kulturhus og Rokk Kafe.  Også iår har vi...
18/11/2025

Jolegåveaksjonen 2025 er i gang og 25.november er Ønsketreet på plass i Granvin Kulturhus og Rokk Kafe.
Også iår har vi Gjensidigestiftelsen og SparebankenDinTelemark med på laget.

Årsmøte i Seljord Røde Kors, tysdag 11. mars kl. 18.00Vanlege årsmøtesaker og innkomne saker.Saker til årsmøtet må melda...
25/02/2025

Årsmøte i Seljord Røde Kors, tysdag 11. mars kl. 18.00

Vanlege årsmøtesaker og innkomne saker.
Saker til årsmøtet må meldast til styreleiar innan 7. mars.

Innkomne saker:
1) Endring av lovar ihht Norges Røde Kors
2) Opprettelse av lokalråd for RK Omsorg
3) Asfaltering av parkeringsplass

Ynskjer du sakspapira, kontakt styreleiar på tlf 913 40 693

Pga servering må du melde deg på innan fredag 7. mars på sms til 959 13 400

I etterkant av årsmøtet vert det medlemsmøte med fokus på aktiviteter og rekruttering av frivillige.

Vel møtt!

Adresse

Ingrid Slettensveg 14A
Seljord
3840

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Røde Kors Seljord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Røde Kors Seljord:

Del