14/06/2026
☀️ Sommarfest på Seljord Camping! 🌊🔥
Fredag 19. juni inviterer vi alle frå 7. klasse til 18 år til ein skikkeleg sommarkveld på stranda ved Seljord Camping!
Vi fyrer opp grillen, spelar sandvolleyball, finn på aktivitetar ved vatnet og nyt den gode sommarstemninga saman. Ta med badeklede om du vil bade eller vere med på aktivitetar på vatnet.
📍 Seljord Camping
📅 19. juni
🕖 Kl. 19.00–23.00
Arrangementet er gratis, og det blir servert mat.
Vi håpar å sjå mange av dykk til ei kjekk avslutning på skuleåret! ☀️
I samarbeid med Seljord Frivilligsentral