Seljord sogelag

Seljord sogelag Seljord Sogelag blei stifta i november 1988.

I vedtektene frå 1989 står det i § 1: "Seljord Sogelag har som formål å arbeide for auka interesse og innsyn i bygda si soge frå dei eldste tider til i dag." Sidan stiftinga har laget drive eit mangfaldig arbeid: Utgjeving av årsskrift, temakveldar, kurs i slektsgransking, sogevandringar, stadnamngrupper, rydding og merking av gamle ferdselsvegar, digitalisering av gamle fotografi.

Skorta/Kleivi - i dag litt av stogemuren. Privat foto 2003.
23/05/2026

Skorta/Kleivi - i dag litt av stogemuren.

Privat foto 2003.

Hølje Skorta og Bjørn Øverland - på Kleivi eller Skorta - ovanfor Vallar.Foto truleg Jens Øverland på 1930-talet.
23/05/2026

Hølje Skorta og Bjørn Øverland - på Kleivi eller Skorta
- ovanfor Vallar.

Foto truleg Jens Øverland på 1930-talet.

Hølje Dalen med fela busette seg på den vesle plassen Kleivi eller "Skorta" - og blei da ofte kalla Hølje Skorta. Det gå...
23/05/2026

Hølje Dalen med fela busette seg på den vesle plassen Kleivi eller "Skorta" - og blei da ofte kalla Hølje Skorta. Det går ein stig ned frå Dalen (u. Øverland, sudigard) forbi denne vesle plassen - og ned til Vallar og Bjørge, nordigard. Namnet var opphavleg Kleivi.

Privat foto frå Kleivi/Skorta 1930-talet.

Øvre Uppebøen, med småbruket Storgård oppe til høgre - og med Hattefjella i bakgrunnen.Foto Widerøe 1958.
23/05/2026

Øvre Uppebøen, med småbruket Storgård oppe til høgre -
og med Hattefjella i bakgrunnen.

Foto Widerøe 1958.

Husmannsplassen Vauskaret u. Haugstoga Gnr. 66. Seinare blei plassen rydda og bygd til eit sjølvstendig bruk  og fekk ny...
22/05/2026

Husmannsplassen Vauskaret u. Haugstoga Gnr. 66.

Seinare blei plassen rydda og bygd til eit sjølvstendig bruk og fekk nytt namn Rydland Gnr. 66/27 - ei stund etter 1900.

Foto Olav G. Dale usikker datering omkring 1900.

Nordheim Gnr. 75/4 - eit småbruk i Flatdal. Foto Knut Liestøl 1930-åra.
22/05/2026

Nordheim Gnr. 75/4 - eit småbruk i Flatdal.

Foto Knut Liestøl 1930-åra.

Knut Dalen - i full sving med langljåen i Kivledalen.Knut Dalen vart født på Haugan i Kivledalen 1924, han døde i Gravsh...
15/05/2026

Knut Dalen - i full sving med langljåen i Kivledalen.

Knut Dalen vart født på Haugan i Kivledalen 1924, han døde i Gravshaugan i 1999, 75 år.

Foto Arne Aas litt usikker datering omkring 1984-1990?

Frå Hanakamjuvet og fossen- gammalt foto. Legg merke til saga øverst på kanten til venstre, som seinare blei rive truleg...
14/05/2026

Frå Hanakamjuvet og fossen- gammalt foto.
Legg merke til saga øverst på kanten til venstre,
som seinare blei rive truleg litt etter 1900.

Foto Lars Osa truleg frå omkring 1885-1890.

Lars Osa (1860-1958) kom frå Ulvik i Hardanger, far til Sigbjørn Bernhoft Osa. Han var både kunstmålar og felespelar. I tillegg skaffa han seg fotoutstyr av høg kvalitet og brukte nokre gonger også kameraet som verktøy i sin kunstmåling, blei det sagt.
I 1881 drog han til Kristiania og året etter til Kunstakademiet i København. Fra 1886 budde han fast i Kristiania. Eit av bilda han måla "Faderen" blei vist på Verdsutstillinga i Paris i 1889.
Han reiste fleire gonger tilbake til heimtraktene sine og besøkte også Telemark og Seljord. I Seljord fotograferte han minst to gonger - kan hende fleire. Dette er eitt av desse bilda han tok frå Seljord. Truleg finst det også måleri frå Seljord-besøka?

Øvsttveiten - ein gammal sjølvforsynt heigard - på Seljordshei. Privat foto 1989
08/05/2026

Øvsttveiten - ein gammal sjølvforsynt heigard - på Seljordshei.

Privat foto 1989

Golid - tidlegare plass under Øvsttveiten, Seljordshei - nyare foto. Privat foto august 2002.
08/05/2026

Golid - tidlegare plass under Øvsttveiten, Seljordshei - nyare foto.

Privat foto august 2002.

Færstaul, Seljordshei - nyare foto.Privat foto juli 2002.
08/05/2026

Færstaul, Seljordshei - nyare foto.

Privat foto juli 2002.

Adresse

Seljord
3840

Telefon

+4791609620

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Seljord sogelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del