02/11/2025
JUBILEUM
I desember blir det 20 år sidan Blikken vart opna, og svært mange av bygdas unge har tilbringa fredagskveldane der. Vi har lyst å markere dette med ei enkel tilstelning på Grendahuset –( Blikken blir for liten.) Arrangementet er tenkt fredag 5.desember. Håper at spesielt de som har /har hatt tilknytning til Blikken no/ tidlegare som brukarar eller føresette, vil komme og feire saman med oss.
Innhaldet er ikkje heilt på plass, men vil vil at du set av denne datoen alt no, om det er av interesse – og det håper vi!
Det vil bli ulike programinnslag, servering og omvisning på Blikken for dei som ønskjer det.
Om nokon der «heime» vil bidra på ein eller annan måte, er vi svært takknemlege for det. Det kan vere programinnslag, tilordning, oppattrydding , kakebaking o.a.
Gje gjerne tilbakemelding til Margit -tlf 90994614- så samordnar eg med arrangørkomiteen. (representantar for ungdomane). Meir info kjem .