Sandsøy og Voksa grendalag

Sandsøy og Voksa grendalag Sandsøy og Voksa grendalag representerer alle innbyggarane på Sandsøy og voksa og vil arbeide for å auke trivsel og positivt fellesskap i bygda vår.

Vi vil legge ut noko info på nettsida til Sandsøy og Voksa litt etterkvart. www.sandsoy.no

07/05/2026

👇👇

Referat frå årsmøtet 23.04.26
01/05/2026

Referat frå årsmøtet 23.04.26

23/04/2026

Da er årsmøtet for 2025/2026 vel gjennomført.
Takk for oppmøtet :-)

Nytt styre for 2026 ble følgende:
Bjørn Thore Hansen - leder
Kaare H. Worren - nestleder
Anne Bjørg Bringsvor - styremedlem
Anja Djupvik Halsebakk - styremedlem
Ivar Mork Vorren - styremedlem
Varamedlemmer:
Anne Lise Våge
John Longva.

DUGNAD 🥰
23/04/2026

DUGNAD 🥰

👇👇
31/03/2026

👇👇

😍
20/10/2025

😍

Vel møtt til årsmøte i morgon!
01/10/2025

Vel møtt til årsmøte i morgon!

Vel møtt til årsmøte!

Vel møtt til årsmøte!
12/09/2025

Vel møtt til årsmøte!

Vi ønskjer alle ein god sommar ☀️
10/07/2025

Vi ønskjer alle ein god sommar ☀️

Gratulere med dagen 😃🇧🇻🇧🇻
17/05/2025

Gratulere med dagen 😃🇧🇻🇧🇻

19/11/2024

UTTALE TIL FYLKESDIREKTØREN SITT BUDSJETTFRAMLEGG FOR 2025
Kvamsøy Bygde- og Næringslag representerer innbyggjarar og næringsliv på Kvamsøy.
Sandsøy og Voksa Grendalag representerer innbyggjarar på Sandsøy og Voksa.

Vi viser til fylkesdirektøren sitt framlegg til økonomiplan med handlingsprogram 2025-2028 med budsjett 2025, vedlegg – rutekutt A8.1-S8.3 Ferje der fylkesdirektøren har slik forslag:
A8.3 Rute 1066 - Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya
Fyrste rundtur laurdag og søndag går ut (06:30 frå Kvamsøya og 07:40 frå Larsnes)
Nattavgang 6 dagar i veka går ut.
Oppstart tidlegast 01.05.2025
Innsparing: 2 600 (2025) - 3 900 (2026) - 3 900 (2027) - 3 900 (2028)

Vi kan ikkje sitte stille å sjå på at fylkesdirektøren nok ein gong prøver å redusere tilbodet vi som bur på øyane Kvamsøy, Sandsøy og Voksa har for å ha eit tilnærma normal kvardag med jobb og fritid.

Dersom første ruteavgang laurdag og søndag vert fjerna betyr det at alle som jobbar turnus i helse- og omsorgstenesta i Sande kommune, og som bur på øyane, ikkje kjem seg på jobb på tidlegvakt verken laurdag eller søndag. Rute 1066 er vegen vår og den einaste moglegheita vi har til å kome oss til Larsnes, på jobb eller andre aktivitetar. Skal dette innskrenkast til å gjelde berre tidlegast frå kl 09.15 i helga? Er det nokon som har ein arbeidssituasjon der ein kan kome på jobb midt på føremiddag? Eller som må reise kvelden før og overnatte på flatseng i garderoba for å rekke vakta si?

Dei som har nattevakter i sin turnus vil også få forlenga si vakt då dei ikkje kjem seg heim før ferjeavgang 09.40 frå Larsnes. Dette er ikkje haldbart i dagens samfunn. Og vil på sikt medføre at ingen med utdanning innan helse- og omsorg vil busette seg på øyane våre.

På Finefish AS på Sandsøya har dei mottak av fersk fisk kvar morgon, også på laurdagar. Her vil 40 arbeidstakar få ein innskrenka arbeidsdag dersom dei må vente på mottak av leveranse. Fersk fisk som må stå på ei ferjekai og vente på ein ferjeavgang er ikkje samfunnsøkonomisk heller.

På Sandsøya og Voksa er det også nyleg satsa store summar på turisme gjennom etablering av det nye Hotell Rosenlund Hamn, Voksa kultursenter, bubilparkering og hytteutleige. Moglegheiter for å arrangere tilstellingar retta mot denne type næring vil verte svært avskore dersom ferjetilbodet vert redusert.

Investeringane i næringar på Kvamsøya, Sandsøya og Voksa representerer fleire 100 million kroner, og vi kan ikkje finne oss i at fylkesdirektøren ikkje ser denne verdiskapinga men på nytt prøver å redusere sjølve hovudpulsåra som er ferjetilbodet til øyane.

Vi ber også fylkespolitikarane om å jobbe vidare med å behalde både nattferje og B-ferja i sambandet vårt. Vi reknar med at politikarane har fått så god informasjon om desse forholda tidlegare at vi ikkje treng å gjenta oss sjølv.

Både nattferje og B-ferja gjer kvardagen enklare for oss alle, og gjer at vi kan både oppretthalde og auke busetting og næringsliv på øyane i Sande, samtidig som det gir oss eit ferjetilbod med akseptabel frekvens og kapasitet gjennom heile året.

Adresse

Sandshamn
6089

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sandsøy og Voksa grendalag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sandsøy og Voksa grendalag:

Del