Sandsøy og Voksa Sogelag

Sandsøy og Voksa Sogelag Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Sandsøy og Voksa Sogelag, Frivillig organisasjon, Bringsvorvegen 73, Sandshamn.

Sandsøy og Voksa Sogelag har til oppgåve å samle og ta vare på bruksting, bilete, skrifter og anna frå farne tider, som kan gje kunnskap om kultur, folkeliv, næringsliv og anna i lokalmiljøet (vedtektene §1).

Kalenderbilde mars 2023Tekst: Jula klorar seg framleis fast på døra til butikken. John og Bergitte (Gitta) poserer i lag...
01/06/2026

Kalenderbilde mars 2023
Tekst: Jula klorar seg framleis fast på døra til butikken. John og Bergitte (Gitta) poserer i lag med brødkassa og tomme bruskasser. Det var ingenting som lukta betre enn innhaldet i brødkassa når den kom direkte frå bakaren.

Vi er langt inne i eit nytt år, og det er på tide å høyre om nokon vil vere medlem i sogelaget vårt i år også.Vi har sen...
19/05/2026

Vi er langt inne i eit nytt år, og det er på tide å høyre om nokon vil vere medlem i sogelaget vårt i år også.
Vi har sendt ut eit lite "hint" til alle husstandar på Sandsøya og Voksa, og no lurer vi på om folk utanfor øyane også vil vere med.

Vedlegget fortel litt om kva vi har gjort, og kva vi har planar om å gjere.
Og så viser det korleis du kan betale kontingenten på 150 kroner om du vil gjere det.

Kalenderbilde februar 2023Tekst: Bildet er frå tidleg på 60-talet.Bak frå venstre: Tordis Østlund, Gunn Elde, Sonja Karl...
18/05/2026

Kalenderbilde februar 2023
Tekst: Bildet er frå tidleg på 60-talet.
Bak frå venstre: Tordis Østlund, Gunn Elde, Sonja Karlsen, Liv Vorren, Olaug Strømsnes.
Framme frå venstre: Eldar Sande, Oddvar Sande og Trygve Vorren.

Nytt kalenderbilde. Dette er frå januar 2023.Tekst: Ein kan ha mykje moro med lite snø. Denne akebakken var populær, og ...
10/05/2026

Nytt kalenderbilde. Dette er frå januar 2023.
Tekst: Ein kan ha mykje moro med lite snø. Denne akebakken var populær, og vart på denne tida kalla Rigmorbakken.
Bak frå venstre ser vi: Birger Isak Våge, Kristine Bringsvor, Andrea Støyle, Kanutte Østlund, Bernhard Aleksander Håhjemsvik og Markus Støylen.
Framme: Kathrin Østlund, Sivert Grande Strømsnes, Sondre Voksøy Bringsvor.

Vi køyrer i gang ein ny serie med tidlegare års kalenderbilder.Denne gongen vert det 2023, og først kjem framsida.Tekst:...
03/05/2026

Vi køyrer i gang ein ny serie med tidlegare års kalenderbilder.
Denne gongen vert det 2023, og først kjem framsida.

Tekst: Desse to bilane var eigd av kalkverket på Voksa. Bilen til venstre er ein Chevrolet som Ola Voxø brukte å køyre. Bilen til høgre er ein Ford som Jacob Voxø var sjåfør på. Bilane står på «Tippen» som var opplødd kalkstein lagra og klar for utskiping. Vi ser treplankane som var lagt ut som køyrebane heilt frå «Grupå» til «Tippen». Det er truleg Ola som står lengst til venstre, og Jacob til høgre. Personen i midten er ukjend.

Minner om foredraget til Bjørn Enes i morgon søndag 26. april kl. 16.00 på Sande rådhus.
25/04/2026

Minner om foredraget til Bjørn Enes i morgon søndag 26. april kl. 16.00 på Sande rådhus.

30/03/2026

Etter årsmøtet 14. mars ser styret slik ut:
Frode Bringsvor - leiar
Berit Rogne - kasserar
Kåre Bjørn Våge - skrivar
Inge Bringsvor - styremedlem
Anne Lise Våge - styremedlem
Bente Kristensen - varamedlem
Sven Helge Kristensen - varamedlem
Henrik Mork Vorren - varamedlem

Jan Bugge - revisor
Vebjørn Strømsnes og Gunnhild Bringsvor - valnemnd

Medlemskontingenten er 150 kroner.

OBS: Nytt tidspunkt for årsmøtet.Datoen er den same (14. mars), men vi må skyve tidspunktet ein time fram på grunn av de...
08/03/2026

OBS: Nytt tidspunkt for årsmøtet.

Datoen er den same (14. mars), men vi må skyve tidspunktet ein time fram på grunn av delvis kollisjon med arrangement på Voksa.
Du er likevel hjarteleg velkomen til årsmøte i sogelaget!

Kalenderen for 2026 er klar. Ligg til sals på Coop'en. Vi har fått eit begrensa opplag no, men har fått lovnad om fleire...
01/12/2025

Kalenderen for 2026 er klar. Ligg til sals på Coop'en.
Vi har fått eit begrensa opplag no, men har fått lovnad om fleire i løpet av nokre dagar.

Adresse

Bringsvorvegen 73
Sandshamn
6089

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sandsøy og Voksa Sogelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sandsøy og Voksa Sogelag:

Del