29/05/2025
Dommarutdanninga i friidretten er viktig. På krinsplan utdannar vi Kretsdommarar, medan vi også er avhengig av at nokon tek graden over: NAR-dommar. Dette tilsvarar den gamle forbundsdommargraden. (NAR tyder National Athletic Referee, og det er lik utdanning nasjonalt og internasjonalt)
I Sogn og Fjordane FIK har vi to som har gått gjennom denne utdanninga, og er sertifiserte. Det er Kristin Hessvik frå Florø, og Jan Svoen frå Førde.
Begge desse har gått gjennom e-læringsprogrammet, og fått sertifisering. Svært bra for friidretten i krinsen, og begge to kan no ta på seg oppgåver på dei store internasjonale stemna (t.d. Bislet Games)
Dommarutvalet i krinsen gratulerer så mykje, og ønskjer svært gjerne at fleire kjem etter!
(Bilete frå Facebook)