Jeremiasfestivalen

Jeremiasfestivalen Arrangere folkemusikkfestival for å fremje og bevare lange og historiske tradisjonar innanfor levande folkemusikk og dans.

Årets Pederhusfestivalprogram 🤩
29/05/2026

Årets Pederhusfestivalprogram 🤩

HEILE PROGRAMMET med billettlinkar:

FREDAG 19. JUNI
Alt skjer i og kring Pederhuset

STOVEKONSERT:
KVARTS
Tid: 19.00–20.00
Stad: Pederhuset

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/122827109

***

FREDAG I TUNET:

LINDA EIDE – "Muffens i posen" - soloshow
STEINAR RAKNES & RITA ERIKSEN-Solegladkonsert

Fredag i tunet på Pederhuset byr på både latter og musikalske høgdepunkt. Open bar til kl. 01.00
Ein fredag kveld du ikkje vil gå glipp av.

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/1889817200

*****

LAURDAG 20. JUNI:

TRUSE & TORADAR
Uhøgtidleg og tradisjonsrik musikalsk badestund ved Breimsvatnet. Salg av morgonkaffi og brød frå Bakar-Jon.
Tid: 10.00–11.00
Stad: Ved bryggja ved Breim kyrkje. GRATIS!

****
STOVEKONSERT
TONE HULBÆKMO & HANS FREDRIK JACOBSEN
Tid: 13.00–14.00
Stad: Pederhuset

Kjøp billett: https://pederhuset.hoopla.no/event/1111565879

****

PLATESLEPPKONSERT
MALIN ALANDER BAND
Tid: 16.00–17.00
Stad: Pederhuset

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/373521518

*****

SOMMARKVELD I BREIMSHALLEN!!

Konsert med TØNES & ANNE LISE FRØKEDAL
Frank Tønnesen, betre kjend som TØNES har ei eineståande evne til å observere og formidle kvardagslege situasjonar. Med si blanding av humor og ettertanke har han skrive songar om alt frå gensere som er bak-fram, fluger på kjøkenbenken, og ikkje minst stor-hiten "Waldorfsalat".

Etter konserten ryddar vi golvet for ein dansekveld av det sjeldne. Nokre av landets fremste dansespelarar byr opp til dans: Hafslobelgen, Kvarts, Sivert Holmen og duoen Anette Thorsheim & Jeanette Evansson.

Breim Bygdekvinnelag har kafe med heimelaga betasuppe, kaffi og kaker.

Baren er open til kl. 01.00.

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/341793310

****

SØNDAG 21. JUNI:

SØNDAGSRO
Stovekonsert med
ANETTE THORSHEIM & JEANETTE EVANSSON
Tid: 12.00–13.00
Stad: Pederhuset

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/1902124533

****

FAMILIEKONSERT
Tone Hulbækmo & Hans Fredrik Jacobsen
Tid: 12.30–13.15
Stad: Oppmøte ved Pederhus-teltet
GRATIS!

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen opnar loket til si musikalske skattkiste. Med gamle instrument, folkeviser, rim, regler og songar frå nær og fjern inviterer dei barn i alle aldrar til ei levande og aktiv konsertoppleving. GRATIS!

Etter konserten vert det familiedans med Mari & Elin.

****

SOMMARSØNDAG I PEDERHUSET
Med Sigurd Felde, Bjarne Bergheim, Roger Severin Bruland, Jovan Pavlović, Himmelleite og vertinne Sigrid Moldestad
Tid: 14.00–16.00
Stad: Pederhus-tunet

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/337934078

****

STOVEKONSERT- avslutning Pederhusveka 2026:
Duoen Himmelleite
(INGRID LINGAAS FOSSUM & VEMUND OLAV AUKRUST.)
Tid: 16.30–17.30
Stad: Pederhuset

KJØP BILLETT: https://pederhuset.hoopla.no/event/798497768

Sogn og Fjordane Folkemusikklag Visit Gloppen Visit Nordfjord

15/04/2026
Konsertforedrag med Ove Eide og Austrheim musikklag, og dans ! Laurdag 18. april ønskjer vi å løfte fram folkemusikaren,...
11/04/2026

Konsertforedrag med Ove Eide og Austrheim musikklag, og dans ! Laurdag 18. april ønskjer vi å løfte fram folkemusikaren, komponisten og kulturarbeidaren Jon Aske (1928-2012).
Jon Aske var bonde i Fjellbygda, men har sjølv sagt at hadde han ikkje vore odelsgut, kunne det blitt ein karriere innan klassisk musikk. Det vart ein muskkveg gjennom livet likevel, først og fremst i folkemusikken. For mange er namnet hans sterkt knytt til Austrheim Musikklag. Han starta opp att musikklaget etter krigen og vart musikalsk leiar i 60 år, fram til 2007.

Jon Aske lærde tidleg å spele orgel, men det var fela som var hovudinstrumentet i alle år. Han var folkemusikar med sterk interesse for klassisk musikk, og var medlem i fleire orkester og grupper som dyrka den klassiske arven, til dømes Sogn og Fjordane symfoniorkester.

Aske komponerte fleire slåttar som har vore mykje brukte. Eit utval av desse vil Austrheim Musikklag spele denne laurdagskvelden. Ove Eide vil fortelje om Aske og om dei ulike lag og orkester han var med i, og om dei rollene han har hatt i kulturlivet i kommune og fylke.

Mindre kjent enn spelemannen er Aske si rolle som initiativtakar til skiping av Gloppen Musikkskule, i dag Gloppen Kulturskule. Han var den første styreleiaren i musikkskulen, i dei første grunnleggande åra. Musikkskulen i Gloppen var den første av sitt slag i Sogn og Fjordane, og har blitt ein institusjon som har hatt umåteleg stor verdi for kulturlivet i kommunen.

Etter programmet vert det sal av kaffi og sveler, og dans til musikk av Austrheim spelemannslag og Grannelaget.

Vel møtt i gredahuset Gimle kl 19.30, til feiring av ein av dei store kultur-personlegdomane i Gloppen!

Laurdag 18.april !
06/04/2026

Laurdag 18.april !

Det nærmer seg påske, og då er det sjølvsagt Palmedans i Gimle :)
09/03/2026

Det nærmer seg påske, og då er det sjølvsagt Palmedans i Gimle :)

20/05/2025
Onsdag 4. juni er det klart for Sommarkveld i Karnils igjen 🙂 I sentrum står den musikalske arven etter Helge Waldemarso...
18/05/2025

Onsdag 4. juni er det klart for Sommarkveld i Karnils igjen 🙂 I sentrum står den musikalske arven etter Helge Waldemarson Lyslo (1868-1952). Dei fleste i Gloppen kjenner han som grunnleggaren av Lyslo Foto, ei bedrift som har vore ein institusjon i Nordfjord. Men Helge Lyslo d.e. var mykje meir enn fotograf: Han var folkemusikar, husflidskunstnar, sterkt engasjert i organisasjonslivet i bygda og hadde fleire kommunale verv. Alt dette vil de bli meir kjende med denne kvelden.
Med Ove Eide, Øyvind Lyslo, Hardingfeletrio, og Grannelaget. Etter konserten vert det enkel servering, lynlotteri og dans til Austrheim musikklag.

20/10/2024

Kjetil Bergheim vaks opp med felespel og folkemusikk, men det var ikkje den skarpe Nordfjord-rytmen som fasinerte han. Nei, det vart teleslåttar.

Adresse

Sandane
6823

Telefon

+4791580132

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jeremiasfestivalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del