Suldal Husflidslag

Suldal Husflidslag Suldal Husflidslag vart skipa i 1992 og har 82 medlemmer. Av desse er 49 barn/unge frå 8 - 24 år.

Over 1 mill og 18 glade foreninger/ lag i Suldal. Suldal husflidslag fekk kr 20 000 til prosjektet vårt, og kan nå kjøpe...
05/06/2026

Over 1 mill og 18 glade foreninger/ lag i Suldal. Suldal husflidslag fekk kr 20 000 til prosjektet vårt, og kan nå kjøpe to overlockmaskinar.
Nå skal me «kle oss opp».
Me er glade for sjekken frå Sparebanken Norge, og set pris på at dei ser viktigheita av formidling av husflid.

Tusen takk for støtta, !

22/05/2026

Du treng litt grunnleggande syerfaring for å delta, og tid til å gjera ein del arbeid mellom kvar kurskveld. Me ser på kva du treng for å bli ferdig med ditt bunadsprosjekt.

18/05/2026

BUNADSGLEDE - frå Løland til Fæbrikstad
- ein uformell rundtur i utviklinga frå folkedrakt via bunad til festdrakt.
Torsdag 21. mai kl 18 på Ryfylkemuseet

Husflidskonsulent William Riedlinger tek oss med på ei reise gjennom Rogalands meir eller mindre kjende bunadshistorie. Me får ein enkel presentasjon av dei ulike draktane og bakgrunnen for dei.

Etter denne rundturen, har me ein meir uformell Bunadskafe der me deler Bunadsglede, og kanskje også litt frustrasjonar i nokre tilfelle. Dette blir siste arrangementet i serien Bunadsglede - fagleg tema og bunadskafe.

Bunadsglede er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Suldal Husflidslag. Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Visste du det?
17/05/2026

Visste du det?

Visste du at utan Suldal hadde ikkje rogalandsbunaden vore slik vi kjenner han i dag?
Då læraren Magnus Våge på 1920-talet reiste rundt i Rogaland og dokumenterte gamle klede, draktskikkar, bilete og forteljingar, fann han viktige delar av brunnlaget i Suldal. Her hadde eldre drakttradisjonar halde seg lenge. Medan motane skifta andre stader, heldt mange suldalskvinner fast ved trekk frå den gamle kleskikken — mellom anna liv, sølv og draktformer med røter langt tilbake i tid. Det gjorde Suldal til ei viktig kjelde då rogalandsbunaden vart utforma.

Fleire spor frå Suldal lever vidare i rogalandsbunaden:
🌿 Livet — har utgangspunkt i eit grønt fløyelslivfrå Suldal
🌿 Løland-broderiet — henta frå eit sjal på garden Løland, vist fram på utstilling i 1927.
🌿 Tjelmeland-broderiet — frå ein sjal på garden Vandvik i Suldal 🌿Jelsa-broderiet - eit av dei tidlege broderimønstra til rogalandsbunaden, inspirert av materiele frå Jelsa i Suldal
🌿 Skjortene - fleire skjortemønster til rogalandsbuanden ber også namn frå Suldal, mellom anna Suldal og Vasshus.
🌿 Den rekonstruerte herrebunaden - byggjer på klede frå gamle Suldal prestegjeld — som og omfatta Sauda og Røldal

På nasjonaldagen ber mange med seg historia vidare - frå grend til grend, frå fjord til fjell. Med stoltheit, handverk og røter frå Suldal.
Gratulerer med dagen, Noreg — og til deg!

08/05/2026
BUNADSKURS hausten 2026sjå info og påmelding her:
06/05/2026

BUNADSKURS hausten 2026
sjå info og påmelding her:

Du treng litt grunnleggande syerfaring for å delta, og tid til å gjera ein del arbeid mellom kvar kurskveld. Me ser på kva du treng for å bli ferdig med ditt bunadsprosjekt.

Torsdag 23. april kl 18 på museet:
22/04/2026

Torsdag 23. april kl 18 på museet:

BUNADSGLEDE - stell av bunadsskjorter og litt om kniplingar
Torsdag 23. april kl. 18 på Ryfylkemuseet, nybygget

Siste innspurt for stell og vedlikehald av bunaden før konfirmasjonar og 17. mai. Bunadskafeen er ein uformell møtestad for folk flest, som har lyst til å dela bunadsgleden sin med andre. Alle har me ulike kunnskaper og erfaringar, og saman får me ein triveleg og lærerik kveld. Før me slepper oss heilt laust med kaffi og kaker, vil me som vanleg ha ei økt med bunadsfagleg påfyll.

Denne gongen får me besøk av Målfrid Husebø frå Sola som vil visa oss korleis me best kan ta vare på bunadsskjorta vår. Den treng både vask og omsorg for å halda seg fin og kvit, og å vare lenge. Målfrid er medlem av Norsk Linforening og har mykje kunnskap om lin og lintøy. I tillegg til bunadsskjorta, vil ho ha med seg knipleputa si, som er hennar gode venn. Der tryllar ho fram både pynteband og mykje anna fint. Alle interesserte er hjarteleg velkommen!

Bunadsglede er eit samarbeid mellom Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet.

20/04/2026

Adresse

Sand
4230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Suldal Husflidslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Suldal Husflidslag:

Del