Radøy for Moldova

Radøy for Moldova Radøy for Moldova var Radøy kommune sitt tusenårsprosjekt frå 1999.

No hjelper vi fattige familiar med direkte økonomisk støtte, utdanningsstøtte og drift av tre sentre for fattige menneske.

Kom på konsert. Vi er så heldig å få overskotet frå Solidaritetskonsert Knarvik kyrkje 3.4.kl 1900. Moldova er det fatti...
24/03/2022

Kom på konsert. Vi er så heldig å få overskotet frå Solidaritetskonsert Knarvik kyrkje 3.4.kl 1900. Moldova er det fattigaste landet i Europa som no også må ta i mot ein flyktningestraum frå Ukraina. Situasjonen er prikær for mange. Det trengs hjelp no og ein kan hjelpa ved å koma på konserten. Har du klede eller sko du vil gje bort,tek du dei med i ein sekk og leverer dei ved inngangen. Vel møtt.

4.trinn ved Lindås barneskule har denne veka samla inn pengar for å støtte Moldova i hjelpearbeidet dei utfører for flyk...
18/03/2022

4.trinn ved Lindås barneskule har denne veka samla inn pengar for å støtte Moldova i hjelpearbeidet dei utfører for flykningane frå Ukraina. Eg er mektig imponert over engasjementet og arbeidet dei har gjort. Totalen har no passert 25000kr 😍

Randi, kontaktlærer

16/03/2022

Vi har no fått vippsnummer 738660. Flykningane frå Ukraina treng framleis hjelp. Hjelp oss å hjelpe

05/03/2022

Hjelpeorganisasjonen Radøy for Moldova har brått blitt involvert i flyktningkrisa i Ukraina.

Eitt av sentra Radøy for Moldova støttar ligg heilt sør i Moldova, berre nokre hundre meter frå grensa til Ukraina i småbyen Palanca. Palanca er prega av stor fattigdom, og Radøy for Moldova sender faste pengegåver til dei senteret, som støttar dei aller fattigaste med mat, klede mm.

Heile senteret er no blitt mottakssenter for flyktningar frå Ukraina. Det kjem titusenvis av menneske på flukt over grensa, og dette er så mange at senteret ikkje har kapasitet til å helpa dei som kjem med dei begrensa midlane som dei har. Dei har derfor akutt behov for pengar til å ordna med mat, vatn mm for å hjelpa menneske i humanitær krise.

Styret i Radøy for Moldova hastebehandla sist veke spørsmål om hjelp frå samarbeidsorganisasjonen Misjon utan Grenser. Me tømte kontoen, og sende før helga 50 000 kr til Palanca. Pengane kom godt med, for Misjon utan Grenser fortel om stor naud hjå dei som kjem over grensa. Men, behovet er sjølvsagt uendeleg mykje større, så me spør no om fleire i Nordhordland vil gje akutt naudhjelp via oss.

De kan gje pengane til Radøy for Moldova sin bankkonto 3632 50 91821

Radøy for Moldova sender alle pengane som kjem inn uavkorta vidare til Palanca via Misjon uten grenser

Adresse

Nøtlevågen 3a
Sæbövagen
5938

Telefon

+4793257349

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Radøy for Moldova legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Radøy for Moldova:

Del