Rubbestadneset Grendautval

Rubbestadneset Grendautval Upolitisk interesseorganisasjon for innbyggjarane i Rubbestadneset. Talerør for bygda til Bømlo Kommune.

Som paraplyorganisasjon for lag og organisasjoner i bygda, skal me vera bygda sitt talerøyr innanfor bustad-, næring-, skule- og kultur- og fritidsinteresser i Rubbestadneset. Me ynskjer og å vera ein pådrivar i høve trivselsfremjande tiltak og aktivitetar. Me ynskjer å aktivisera innbyggjarane til å delta aktivt i utfviklinga innanfor desse områda og ynskjer velkomen alle som vil vera med i dette arbeidet.

19/03/2026
Er du ungdom og treng sommarjobb? ☀️
19/03/2026

Er du ungdom og treng sommarjobb? ☀️

For ein folkefest! Tusen takk til alle som møtte opp på julegrantenninga i går 🌲 Stor takk til korpset som spelte oss in...
01/12/2025

For ein folkefest! Tusen takk til alle som møtte opp på julegrantenninga i går 🌲 Stor takk til korpset som spelte oss inn i julestemning, og til 3. klasse ved Rubbestadneset skule som song julesongar for oss 🎺🧑🏻‍🎄 Alle dei 108 faklane me hadde kjøpt inn for anledninga for ut, så det var litt av eit flott skue som kom nedover frå bedehuset 🔥

Ein ekstra stor takk til Maren og Kiwi for både sponsing av klementinar og god hjelp både før, under og etter feiringa. Stian Larsen sørgde for god lyd, og nokre kjekke jenter delte ut kakemenn og mandarinar til publikum – tusen takk!

Det var nytt frå i år at RGU tok over arrangementet rundt julegrantenninga i sentrum, og dette fekk me berre vite om for ein liten månad sidan. Me gjorde så godt me kunne og håpar folk koste seg 🥰 Neste år kan me nok gjere det endå betre.

Har nokon bilete frå kvelden, er det berre å legge dei inn i kommentarfeltet 😊

Dette blir kjekt🎄🎅🎁🎁
27/11/2025

Dette blir kjekt🎄🎅🎁🎁

For ein fantastisk opning av lysløypa! 🌟Takk til alle som møtte opp – små og store, utkledde og ikkje – og gjorde Hallow...
26/10/2025

For ein fantastisk opning av lysløypa! 🌟
Takk til alle som møtte opp – små og store, utkledde og ikkje – og gjorde Halloween-feiringa i Stangervågen til ein kveld full av god stemning.

No lyser lysløypa i Stangervågen for alle – heile vinteren gjennom.
Ta med vener og familie, og nyt den flotte løypa i mørketida! 🔦✨

💚Ein stor takk til alle som deltok på TV-aksjonen i ettermiddag. Det var strålande innsats frå både små og store! Etter ...
19/10/2025

💚Ein stor takk til alle som deltok på TV-aksjonen i ettermiddag. Det var strålande innsats frå både små og store! Etter runden venta nysteikte vafler til alle deltakarane, og me fekk god hjelp frå mottaket til steikinga.

Me vil òg retta ein særleg takk til Kiwi Rubbestadneset, som – også i år – sponsa med vaffelrøre, saft og anna tilbehøyr.

Takk for eit flott samarbeid og for at de bidreg til eit viktig formål. Godt jobba, alle saman!💚

18/10/2025

Me manglar framleis fire stykker til å gå med bøsser i morgon. Skriv gjerne ein kommentar her om du har høve!💙

Oppmøte i Rubbhallen klokka 14.30.

No nærmar det seg den årlege TV-aksjonen!I år går pengane til menneske med funksjonsnedsetjing som lever i krig og fatti...
13/10/2025

No nærmar det seg den årlege TV-aksjonen!
I år går pengane til menneske med funksjonsnedsetjing som lever i krig og fattigdom. 💙

Me håpar alle gjer seg klare til søndag 19. oktober – og ynskjer alle bøsseberarar hjarteleg velkomne! 🙌

📢 OBS! Me set stor pris på om du likar dette innlegget – enten du kan delta eller ikkje. Når folk trykker «liker», når i...
02/10/2025

📢 OBS! Me set stor pris på om du likar dette innlegget – enten du kan delta eller ikkje. Når folk trykker «liker», når innlegget ut til fleire 🙌 Så gi oss gjerne ein tommel opp 👍🏼

Hei alle!
No nærmar det seg TV-aksjonen, som i år går til Atlas-alliansen. Dei jobbar for å hjelpe funksjonshemmede som lever i fattigdom og krig. 🌍

📍 Oppmøte: Rubbhallen
⏰ Tid: 19. oktober kl. 14:30

Har du moglegheit til å gå med bøsse her i Rubbestadneset? 🙏
Send oss gjerne ei melding her eller meld deg på via 👉

Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og skal åpne dører for funksjonshemmede som lever i krig og fattigdom. sammen skal vi gi nødhjelp, utdanning og muligheten til et bedre liv.

Hei! No har det vore stor dugnad på Atlanteren, og me håpar at området på sikt skal bli godt brukande.Sjølv om det ser s...
30/09/2025

Hei!

No har det vore stor dugnad på Atlanteren, og me håpar at området på sikt skal bli godt brukande.
Sjølv om det ser slett og fint ut, er terrenget framleis veldig ujamnt. Ta gjerne ein tur og kikk, men ver varsam når du ferdast der🍂🏕️

Adresse

Rubbestadneset
5420

Telefon

+4795831369

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rubbestadneset Grendautval legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Rubbestadneset Grendautval:

Del