EI FORELDREGRUPPE i Rosendalsområdet danna foreninga «Rosendal Idretts-og fritidspark» etter eit stort foreldremøte med Asbjørn Flemmen, som har utarbeidd eigne uteområde som skal stimulera til spontan leik og fysisk aktivitet. Flemmen er tidlegare førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. I forprosjektet er det lagt vekt på å utvikla eit område i Rosendal der born og unge skal få utfolda seg i anl
egg som legg til rette for klatring, slenging i tau og anna røff aktivitet. Målet er at heile område ved eksisterande idrettsanlegg, Malmanger skule og Rosendal ungdomsskule vert sett på som ein park utan stengsler i framtida. Det er no - hausten 2012 - klart for byggetrinn 1 i parken - ein ”Apejungel” mellom barneskulen og ballbingen. vil då vera å gå vidare i den planen som føreligg, med Tarzanløyper, skatepark osb. Førebels er planen å byrja på neste byggjetrinn våren 2013, - ei minitarzanløype. MOTIVASJONEN for å starta RIFparken
- Rosendal har lite utfordringar for born og unge generelt. Dette gjeld både fastbuande og besøkande til kommunen vår. Ein heilt naturleg møtestad for born og unge er i dag området rundt skulane og idrettsanlegget. Men det er lite å finna på der på ettermiddagane om du ikkje er med på organisert aktivitet.
- Vi ser eit større behov for fysisk fostring i dagens samfunn. Aukande overvekt og passivitet hos borna gjer at dei treng meir tilrettelegging for fysisk aktivitet både i skuletid og i fritid.
-Born, spesielt i skulealder, har mykje energi som dei bør få lov å bruke på ein positiv måte.
- Ballbingen plassert i dette området er flott, plass til omkring 10-14 i slengen – men kva med dei som ikkje spelar fotball eller ikkje er med i organisert aktivitet? VI YNSKJER
- å gje born og unge sjansen til å utfordre seg sjølv meir fysisk og lage anlegg som motiverer dei til fri leik og spontanidrett.
- å skape eit miljø der det er lett å integrera nyinnflytta born og unge.
- å skape eit område der born og unge med funksjonshemning skal ha tilrettelagt tilgong. I STYRET:
Leiar - Hilde Solli (tlf 97556034)
Styremedlemmer - Malene Skaale og Martin Hass
Øvrige medlemmer - Renate Svindland, Merete Skeie, Hans Olav Leganger. Ingrid Guddal, Inge Vetlækre, Ove Røssland, Atle Søllesvik, May Britt Albrethson, Kjersti Bennæs.