Kjeldestøl venelag

Kjeldestøl venelag Vi har restaurert stølsplassen Kjeldestøl i Rosendal. Staden framstår no slik den var tidleg på 1900-talet.

Stølen er open heile året for ålmenta, og nokre dagar om sommaren er budeiene til stades for å selja sine vidgjetne mjelkekaker og kaffi.

SURT OG KALDT - MEN MYKJE FOLK!Stølsdagen på Kjeldestøl langfredag vart så vellukka som vi kunne håpa på utifrå vêrmeldi...
03/04/2026

SURT OG KALDT - MEN MYKJE FOLK!
Stølsdagen på Kjeldestøl langfredag vart så vellukka som vi kunne håpa på utifrå vêrmeldingane! Det starta med blå himmel, fortsette med overskya og avslutta med sterk vind, bitande kaldt og litt snøfall. Alt i samsvar med meteorologane sin spådom.
Men vêret gjorde ingen ting, for folk kom tidleg, og då dei fleste hadde gått heim i 13.30-tida, hadde vi allereie hatt 250-300 gjester! Ikkje berre det; det var akkurat nok med mjelkekaker og rømmegraut. I alt selde vi 250 mjelkekaker og 18 liter med graut.
Meistrar for mjelkekakene var Kristlaug Bjørke, Inger Sofie Sæbøe, Kirsten Skaala og Anne Lise Nygård, medan rømmegrauten vart laga av Kjersti L. Hus, Reidun V. Nerhus og Inger Sofie Sæbøe.
Tusen takk til alle budeiene for fantastisk innsats! Stor takk også til Oddmund Næs som tok turen opp med toradaren sin og baud på musikk til forsamlinga. Og tusen takk til alle som kom; mange av dei er trufaste gjester!

OPEN STØL MED MUSIKK!Langfredag frå ca 11.00 til nærare 15.00 er budeiene attende på Kjeldestøl. Kvifor ikkje ta turen o...
02/04/2026

OPEN STØL MED MUSIKK!
Langfredag frå ca 11.00 til nærare 15.00 er budeiene attende på Kjeldestøl. Kvifor ikkje ta turen og nyt mjelkekaker, rømmegraut, kaffi, saft og ein god drøs? Viss vêret heldt seg, vil også Oddmund Næs ta turen med toradaren sin. Han er på plass kring klokka 12.00.
Vel møtt!

OPEN STØL PÅ LANGFREDAGIkkje lenge til no! Langfredag frå klokka 11.00 (og sikkert før det og) til nærare klokka 15.00 e...
01/04/2026

OPEN STØL PÅ LANGFREDAG
Ikkje lenge til no! Langfredag frå klokka 11.00 (og sikkert før det og) til nærare klokka 15.00 er budeiene på Kjeldestøl. Det vert som alltid sal av dei vidgjetne mjelkekakene, nydeleg rømmegraut, saft og kaffi.
Velkomne!

SNART LANGFREDAG!Det er faktisk ikkje lenge til påske, så vi vil nett opplysa om at det tradisjonen tru vert open støl p...
17/03/2026

SNART LANGFREDAG!
Det er faktisk ikkje lenge til påske, så vi vil nett opplysa om at det tradisjonen tru vert open støl på Kjeldestøl langfredag. Vi kjem tilbake med detaljane når det nærmar seg.

VEDHOGST OG BEHOV FOR HJELPLaurdag gjekk motorsagførar Leif Nygård og eg (bære- og ryddehjelp Morten) til Kjeldestøl for...
01/03/2026

VEDHOGST OG BEHOV FOR HJELP
Laurdag gjekk motorsagførar Leif Nygård og eg (bære- og ryddehjelp Morten) til Kjeldestøl for å hogga ved. Lurte på kor vi kunne finna høvelege tre, for vi har ikkje lyst å fjerna fleire tre rett ved stølen. Problemet løyste seg greitt, for i Gamlevegen rett nedanfor hadde tre svære grantre nyleg knekt og falt rett over stien! Dei måtte jo uansett vekk, og vi kappa dei samstundes opp i høveleg vedlengde. Felte også to store bjørk som stod ved stien og som viste teikn til byrjande råte. No ligg det to haugar med kubbar der. Viss folk som går forbi tek med seg eit par og legg utanfor Skytja, så er vi svært takksame!😊 Det er og fritt fram til å kløyva, viss nokon føler for det👏👏.

SISTE OPNE STØL FOR I ÅRLaurdag 2. august tek budeiene turen til Kjeldestøl igjen, etter planen for siste gong i år. Har...
01/08/2025

SISTE OPNE STØL FOR I ÅR
Laurdag 2. august tek budeiene turen til Kjeldestøl igjen, etter planen for siste gong i år. Har du enno ikkje vore oppom for å smaka dei vidgjetne mjelkekakene eller berre for å helsa på budeiene, er dette siste sjanse denne sommaren. Dei er på plass sikkert før 11.00 og blir til om lag 14.30.
Velkomne!

OPEN STØL LAURDAG 26. JULII morgon er det faktisk laurdag igjen, og budeiene tek difor turen opp til Kjeldestøl. Og no s...
25/07/2025

OPEN STØL LAURDAG 26. JULI
I morgon er det faktisk laurdag igjen, og budeiene tek difor turen opp til Kjeldestøl. Og no ser det også ut for at det vert eit høveleg turvêr. Uansett, det er open støl frå klokka 11.00 til nærare 15.00, med mjelkekaker, saft og kaffi. Velkomne!

OPEN STØL LAURDAG 19. JULIViss du har lyst på eit avbrekk frå strandlivet, så vit at budeiene er til stades på Kjeldestø...
18/07/2025

OPEN STØL LAURDAG 19. JULI
Viss du har lyst på eit avbrekk frå strandlivet, så vit at budeiene er til stades på Kjeldestøl igjen laurdag frå klokka 11.00 til cirka 15.00. Som alltid byr dei på mjelkekaker, kaffi og saft.
Førre laurdag var det fire generasjonar frå Skaala-familien som var budeier, blant dei unge Isak som viste svært lovande takter!
Alle er hjarteleg velkomne til støls!

OPEN STØL LAURDAG 12. JULIFørre laurdag opna sommarsesongen på Kjeldestøl, i eit frykteleg regnvêr. Men no komande laurd...
10/07/2025

OPEN STØL LAURDAG 12. JULI
Førre laurdag opna sommarsesongen på Kjeldestøl, i eit frykteleg regnvêr. Men no komande laurdag er meldingane strålande, så då håpar vi mange tek turen oppom. Budeiene er i alle fall til stades frå klokka 11 til 15. Velkomne!

OPEN STØL LAURDAG 5. JULII morgon startar sommarsesongen på Kjeldestøl. Stølsvollen er nyklipt og alt av remediar er fra...
04/07/2025

OPEN STØL LAURDAG 5. JULI
I morgon startar sommarsesongen på Kjeldestøl. Stølsvollen er nyklipt og alt av remediar er frakta opp. Så no er alle velkomne til mjelkekaker, kaffi og saft frå klokka 11.00 til 15.00. Og vêret blir garantert betre enn meldingane!

SOMMARSESONGEN 2025Budeiene har hatt planleggingsmøte, og er klare for ein ny sommar på Kjeldestøl! I år bytar vi ut ons...
27/06/2025

SOMMARSESONGEN 2025
Budeiene har hatt planleggingsmøte, og er klare for ein ny sommar på Kjeldestøl! I år bytar vi ut onsdagane med laurdagar. Det blir såleis open støl følgjande datoar (alt er laurdagar): 5. juli, 12. juli, 19. juli, 26. juli og 2. august.
Budeiene er til stades frå klokka 11.00 til 15.00, og vil som alltid selja dei vidgjetne mjelkekakene med kaffi eller saft attåt. Det er også råd å sikra seg stavar eller dei nye, stilige bordkorthaldarane!
VEL MØTT!

Adresse

Rosendal
5470

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kjeldestøl venelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kjeldestøl venelag:

Del