UL Fram

UL Fram Ei side om Ungdomslaget Fram på Rogne, og ungdomshuset "Framtun".

Takk for ei fin stund under jonsokfesten i dag! Her er vinnarane av jonsoklotteriet 2026. Gevinstane vil bli levert i lø...
21/06/2026

Takk for ei fin stund under jonsokfesten i dag! Her er vinnarane av jonsoklotteriet 2026. Gevinstane vil bli levert i løpet av dei neste dagane.🌸

I morgon brakar det laust med jonsokfest på Framtun 🤩🥳Det blir underhaldning på scena, sal av rømmegraut og kaker, kiosk...
20/06/2026

I morgon brakar det laust med jonsokfest på Framtun 🤩🥳
Det blir underhaldning på scena, sal av rømmegraut og kaker, kiosk med snacks, quiz, filmframvisning, disko og endå litt meir!😄
Dørene opnar kl 14.30.
Sceneprogrammet startar kl. 15.00.
Vel møtt til ei triveleg stund🥰

11/06/2026

UL Fram skal ha jonsokfest på Framtun søndag 21. juni kl 15.00😊 Det blir ikkje skikkeleg jonsok utan rømmegraut og kaker 🍰 Vi kunne trenge litt fleire kaker til kakebordet, og lurer derfor på om det er nokon i bygda som kunne tenke seg å bidra her? Det hadde vi sett stor pris på 🫶
Sei gjerne frå til Sigrid om du vil hjelpe oss med å vere kakebakar🥰 tlf 97721920.

Ul Fram sitt JONSOKLOTTERI!!!😄Det nærmar seg jonsok og jonsokfest! I det høve har vi fått inn ein del gevinstar som DU k...
07/06/2026

Ul Fram sitt JONSOKLOTTERI!!!😄
Det nærmar seg jonsok og jonsokfest! I det høve har vi fått inn ein del gevinstar som DU kan vinne. Bli med og støtt UL Fram ved å kjøpe lodd i jonsoklotteriet vårt🌺
Vippsnummer: 693296
Trekning skjer etter jonsokfesten, søndag 21. juni.

🎉🎭 Jubileums-jonsok! 🎭🎉UL Fram feirer 135 år, og inviterer til jonsokfest på Framtun søndag 21. juni kl. 15.00. På scena...
31/05/2026

🎉🎭 Jubileums-jonsok! 🎭🎉

UL Fram feirer 135 år, og inviterer til jonsokfest på Framtun søndag 21. juni kl. 15.00. På scena vert det eit variert program, med mellom anna innslag frå barnegruppa og juniorgruppa. I tillegg skal vi bla oss litt tilbake i UL Fram si "minnebok". Det vert laga til utstilling, og nokre filmsnuttar vil kanskje få oss til å drage litt ekstra på smilebandet😁. Vi håper at mange vil ta turen. Alle er hjarteleg velkomne

19/05/2026

Det blir eit ekstraordinært årsmøte tysdag 19.05.26 på Framtun kl. 18:00. Sjå plakat.
-Styret i UL Fram

Hei,NB: Kort frist!SOMMARLEIR 2026 😃Har du lyst på sommarleir? Sommarleir for ungdom mellom 13 og 26 år finn i år stad p...
28/04/2026

Hei,

NB: Kort frist!
SOMMARLEIR 2026 😃
Har du lyst på sommarleir? Sommarleir for ungdom mellom 13 og 26 år finn i år stad på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik frå 29.juni til 3.juli. Her kan du bli kjent med andre, og oppleve mykje gøy! Gjennom fire dagar får du oppleve kurs, utflukt og mange kjekke sosiale aktivitetar. Frist for påmelding er 30. april (bindande påmelding). Snakk gjerne ilag, og få med fleire 😊Kjekt at det fins slike tilbud til ungdommane 😃Meir info og påmelding på:
https://www.sommarleiren.no/

Økonomisk støtte: For medlemmane våre kostar det totalt 2500 kr å melde seg på. SFU (Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag) vil støtte med 1000 kr per medlem og UL Fram med 1000 kr per medlem som melder seg på. Hiv dåkke med på kjekke dagar! :D

Sommarleiren 2026 finn stad frå 29.juni - 3.juli på Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik! Påmeldinga er open! Endeleg er det klart for at du kan melde deg på kurs i folkedans, teater, linedance, spel eller noko heilt anna!

UL FRAM KÅRA TIL ÅRETS LOKALLAG 2025 !! :D
19/04/2026

UL FRAM KÅRA TIL ÅRETS LOKALLAG 2025 !! :D

Årets lokallag 2025 er Ungdomslaget Fram Rogne!

Adresse

Oskevegen 64
Rogne
6293LONGVA

Telefon

+4799232971

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når UL Fram legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del