Røldal Fjellstyre

Røldal Fjellstyre Her finn du informasjon om jakt, fiske med meir i Røldal statsallmenning. All kontakt med fjellstyret må gå via mail.

Det vil bli arrangert jegerprøvekurs over to helger i mai. Datoane er 8. - 10. mai og 29. – 31. mai. Kurset vil bli gjen...
10/04/2026

Det vil bli arrangert jegerprøvekurs over to helger i mai. Datoane er 8. - 10. mai og 29. – 31. mai.

Kurset vil bli gjennomført i klubbhuset på Grostøl skytebane .
Kursavgiften blir Kr: 1500,-

Det er også eit eksamensgebyr på Kr: 360,- for å ta eksamen.

Me har behov for ei komplett deltakerlista og trenger bindende påmelding innan onsdag 15. april om du ynskjer å delta på kurset.

Påmelding til: [email protected]

Informasjon om reinsdyrjakta 2026:Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til u...
09/04/2026

Informasjon om reinsdyrjakta 2026:
Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til utabygdsjegerar i 2026. Endeleg avgjersle vert tatt når fellingskvotane er bestemt.
Røldal Fjellstyre opnar likevel allereie no for søknadar på fellingsløyver, slik at ein kan tildela eventuelle fellingsløyver ut frå ei trekningsliste i byrjinga av mai. Søknad skal i år sendast direkte på mail til fjellstyret: [email protected] innan 30. april.
Søknaden må innehalde namn, telefonnummer og adresse.

Verte ein tildelt fellingsløyve, må ein vise fram betalt jegeravgift, samt betale fellingsløyva innan ein kort frist. Ein får tilsendt eit tidsavgrensa tilbod på mail. Fjellstyret vil ikkje gje noko varsel utanom dette.

Røldal Fjellstyre gjer merksam på at ein ved å søkje på jakt hjå eit fjellstyre godtar at namn, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbud kan bli offentliggjort.
Ved å søke på jakt plikter du å sette deg inn i bestemmelsar for søknad, trekning og utøvelse hjå Røldal Fjellstyre.

Oppdag Røldal statsallmenning med fjell, vann og villmark. Utforsk Hindrekollen, støler og kulturlandskap på Hardangervidda.

Jegerprøvekurs og slaktekurs 2026Ullensvang fjellstyre og Røldal fjellstyre ynskjer å kartleggje om det er interesse for...
03/02/2026

Jegerprøvekurs og slaktekurs 2026
Ullensvang fjellstyre og Røldal fjellstyre ynskjer å kartleggje om det er interesse for å gjennomføre eit jegerprøvekurs og/eller eit slaktekurs i løpet av våren/sommaren 2026. Dersom det er stor nok interesse vil jegerprøvekurset være eit standard kurs ein må gjennomføre for å kunne utøve jakt i Noreg. Slaktekurset vil gi ei god innføring i slakteprosessen, med fokus på dyrevelferd, hygiene og kvalitetssikring for å kunne ta vare på kjøtet på ein god måte. Dersom du er interessert, så informerer du om dette via linken under:

https://form.jotform.com/260332536033043?fbclid=IwY2xjawPuzRJleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETBDMktFQ0wxN1VsRThxajM3c3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHvXFXHY2TtriI5SE5Z5P1t_Aukh_v0xK4cVLlI8-C-UUoQ_faME-GowY-eF1_aem_evHQhsikpxepJXp9g0okIw

Please click the link to complete this form.

Røldal fjellstyre minnar om allmannamøte for brukarar av Røldal statsallmenning 02.oktober 2025 Kl 18:00 i Blåsalen.Fjel...
30/09/2025

Røldal fjellstyre minnar om allmannamøte for brukarar av Røldal statsallmenning 02.oktober 2025 Kl 18:00 i Blåsalen.

Fjellstyret må ta stilling til fleire prinsipielle saker i løpet av næraste framtid. Me ynskjer difor innspel!

(Det ligg relevante linkar til dei forskjellege sakene som kommentar.)

Fjellstyret jaktar framleis etter bevis på naturleg rekruttering i Holmavatnet. EL-fiske viste at det ikkje står fiskeyn...
29/07/2025

Fjellstyret jaktar framleis etter bevis på naturleg rekruttering i Holmavatnet. EL-fiske viste at det ikkje står fiskeyngel i rennande vatn i innløpsbekkene. Fiske med småmaska garn gav berre ein mystisk aure. Då den ikkje er feittfinneklypt, vert det spanande å sjå om den kan stamme frå eit år utan fiskeutsettingar. Uansett er det ingenting som tydar på "plagsomt" mykje rekruttering i vatnet. Endå.
Takk til Reidar for lån av tid og utstyr!

Fjellstyret takkar alle som var innom standen vår i løpet av marknaden. For vår del vart det særs vellukka. Me fekk delt...
24/06/2025

Fjellstyret takkar alle som var innom standen vår i løpet av marknaden. For vår del vart det særs vellukka. Me fekk delt ut så godt som alle fellingsløyva, drukke litt kaffi og snakka litt tull.

Overraskande mange deltok også på quizen. Fasit er visst på bilete. Premiane stakk Sylvia og Kjell Nilsen av med.

Rekrutteringstiltak!
23/05/2025

Rekrutteringstiltak!

Da er jegerprøvekurset på Grostøl i regi av Ullensvang fjellstyre , Røldal Fjellstyre og Skare 4H i gang. 40 deltakere frå heile Ullensvang. Fantastisk kjekt 🤩

Informasjon om reinsdyrjakta 2025:Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til u...
11/04/2025

Informasjon om reinsdyrjakta 2025:
Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til utabygds jegerar i 2025. Endeleg avgjersle vert tatt når fellingskvotane er bestemt.

Røldal Fjellstyre opnar likevel allereie no for søknadar på fellingsløyver, slik at ein kan tildela eventuelle fellingsløyver ut frå ei trekningsliste i byrjinga av mai. Søknad skal i år sendast direkte på mail til fjellstyret: [email protected] innan 30. april.

Søknaden må innehalde namn, telefonnummer og adresse. Verte ein tildelt fellingsløyve, må ein vise fram betalt jegeravgift, samt betale fellingsløyva innan ein kort frist. Ein får tilsendt eit tidsavgrensa tilbod på mail. Fjellstyret vil ikkje gje noko varsel utanom dette.

Røldal Fjellstyre gjer merksam på at ein ved å søkje på jakt hjå eit fjellstyre godtar at namn, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbud kan bli offentliggjort.

Ved å søke på jakt plikter du å sette deg inn i bestemmelsar for søknad, trekning og utøvelse hjå Røldal Fjellstyre.

Jegerprøvekurs i Ullensvang 2025!Ullensvang og Røldal fjellstyre i samarbeid med Skare 4H planlegg for eit Jegerprøvekur...
04/03/2025

Jegerprøvekurs i Ullensvang 2025!
Ullensvang og Røldal fjellstyre i samarbeid med Skare 4H planlegg for eit Jegerprøvekurs dei to siste helgene i mai.

Datoar: 23. - 25. mai og 30. mai - 1.juni.

Kurset er tenk gjennomført i Odda/skytebanen på Grostøl. Kursopplegget er framleis ikkje heilt «spikra», så endeleg program – og lokasjonar – må me kome tilbake til.
Fjellstyra tenkjer å organisere transport når dette er nødvendig. For Røldal sin del vert det sjølvsagt transport i frå Røldal.

Me ynskjer å kartleggje interessa. Dei som er interessene melder med namn og telefonnummer innan 18.03 til:
[email protected]
eller
[email protected]

Ved eventuelle spørsmål ta kontakt med:
Jarle Rasmussen – tlf.: 90138958
eller
Tor Helge Tjemsland – tlf: 48103170

Tilbakemeldinga er ikkje bindane i denne omgang!

OBS!
10/02/2025

OBS!

Då var hyttene vinterstengte. Nedtellinga til neste fiskesesong har byrja. På tide å pakke ned stengene, når snøret frys...
16/10/2024

Då var hyttene vinterstengte. Nedtellinga til neste fiskesesong har byrja. På tide å pakke ned stengene, når snøret frys fast i stonga. Roligt i fjellet no. Ikkje noko dyr å sjå, men rikelig med lemen. Håpar på lemenår i 2025!

Då er fjellstyret endelig ferdig med papirarbeidet etter årets jakt. Omstendighetene tatt i betraktning, så er fellingst...
06/10/2024

Då er fjellstyret endelig ferdig med papirarbeidet etter årets jakt. Omstendighetene tatt i betraktning, så er fellingstala ein endar opp med særs høge. Fjellstyret var tildelt 144 fellingsløyver, og ein endar opp med eit offisielt fellingstal på 69 dyr (altså 47.9%).

(Eg skriv offisielt, då det berre er dyr som er felt på dei fellingsløyva som fjellstyret vart tildelte som tel på våre fellingstal. Fellingar gjort med løyver utskrive på andre vald, tel altså ikkje på vår statistikk.)

Adresse

Runnane 24
Røldal
5760

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Røldal Fjellstyre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Røldal Fjellstyre:

Del