30/09/2026
Velkomen til temasamling for frivilligdrivne kulturhus!
Dato: 17. oktober
Klokkeslett: 12.00 – 16.30
Stad: Bridgehuset, Brattørveita 10, Trondheim
Påmelding: 1. oktober
Program:
Søknadsskriving
Korleis skriv vi søknadar som treff?
Huset i Bygda gjev nyttige tips til korleis skrive gode søknadar.
Ungdomshusa som beredskapslokale
Kva rolle kan ungdomshuset spele når lokalsamfunnet blir sett på prøve?
Straumbrot, ekstremvêr, flaum, skogbrann eller andre hendingar kan raskt skape behov for lokale møteplassar.
Kva bør huset ha oversikt over? Kva med straum, varme, vatn, toalett, kjøkken, tilgang, kommunikasjon og tryggleik? Og korleis kan frivillige lag, kommunen og andre lokale aktørar samarbeide dersom huset må takast i bruk?
Vi ser på kva som skal til for at ungdomshuset eller det lokale forsamlingshuset kan fungere som eit trygt og fleksibelt beredskapslokale, og kva ein kan gjere allereie i dag.
Tryggleik og universell utforming
Korleis gjer vi ungdomshuset tilgjengeleg for alle?
Universell utforming handlar både om lovkrav og om å skape eit hus der fleire kan delta. Etablerte og eldre ungdomshus krev ofte kreative og praktiske og gode løysingar rundt tilgjenge og tryggleik.
Ungdomshuset som samskapande arena-Gruppearbeid
Må styret organisere alt sjølv?
Korleis kan vi få medlemmane og lokalsamfunnet til å skape meir aktivitet saman?
Idretten er flinke til å involvere foreldre og medlemmar, ofte gjennom å gje folk konkrete oppgåver og ansvar. Kan vi bli flinkare til det same?
Korleis kan vi få lokalbefolkninga eller andre aktørar til å bruke huset og skape kulturen sjølv, utan at styret alltid må levere det ferdige arrangementet?
Målet med samlinga er at du skal reise heim med konkrete idear, nye kontaktar og kanskje verte inspirert til å gå i gong med prosjekt allereie veka etter.