07/09/2026
Landsturneringen 2026 er historie!
Oslo var vertskap og leverte strålande, sjølv om helga i Oslo aldri kunne by på spenninga vi får av å være på reisefot!
BUL stilte med stor tropp og tre lag der to stod for fotball og eit stod for handballen.
Desse to gruppene er no blitt så samanknytt at det eigentleg er eit stort BUL-lag som spela begge deler.
Det er ganske kjekt og bidrar til eit enda sterkare samhold og gjer til at vi alle deler oppturane - og nedturane - på ein anna måte enn før.
For alle tre laga blei det både sigre og tap gjennom helga.
Akkurat slik vi vi vil ha det, for som ein av våre spelarar sa etter ein kamp:
«Vi vant, men det viktigste var vel at vi hadde det gøy?»
Til svar fikk vedkommande eit rungande «JAAA»