Leikarringen i BUL Oslo

Leikarringen i BUL Oslo Vi er ei dansegruppe for ungdom og vaksne. Nybyrjarar og erfarne dansarar er hjarteleg velkomne! Vi har òg ei eiga turgruppe.

Kontakt oss på [email protected] og sjå kalenderen vår på https://www.bul.no/leikarringen/kalender-leikarringen/ Leikarringen er ei dansegruppe for ungdom og vaksne, og har om lag 150 medlemer. Ringen har faste øvingar kvar tysdag kl. 19.30-21.30 i Teatersalen i Rosenkrantzgate 8. Nybyrjarar er hjarteleg velkomne og kom gjerne aleine, vi har ikkje faste par. Vi har også eigne øvingar for ungdomsgruppe, hallinggrupper og songdansgruppa. Sjå nettsida for detaljert info om kvar øving.

21/10/2025

Kjære dansarar 🕺💃 Vi minner om at det kun er spesielle arrangementer som enda legges ut på fjesboka. Info om Tysdagsøvingar, Ope Sal og Grunnkurs på Onsdagar fins på nettsida, i nyheitsbrevet, og i Spond.

Appen Spond er vår nye kommunikasjonskanal.
Vil du inn? 💕 Kom på øving og snakk med ein i styret eller send epost til [email protected]
Vil du ut? 💔 Det fiksar du sjølv under instillingar. Vi ynskjer deg til lykke med din SoMe-frie kvardag.

22. februar er dagen å sjekke om bunaden er klar til 17. mai! Du finn mange gode tips på sjekkbunaden.no 🥳Har du sjekka ...
22/02/2025

22. februar er dagen å sjekke om bunaden er klar til 17. mai! Du finn mange gode tips på sjekkbunaden.no 🥳

Har du sjekka bunaden?

22. er sjekk-bunad-dagen! Er alt klart til 17. mai?
22/02/2025

22. er sjekk-bunad-dagen! Er alt klart til 17. mai?

Om du tek fram bunaden på Hulda Garborg sin bursdag 22. februar har du god tid til å få alt på stell før bunadssesongen. ...men ikkje ver redd om det ikkje er 22. februar. På denne sida har vi samla tips og råd frå ledande bunadsekspertar frå heile landet, så du kan får den hjelpa du tren...

FRIST I DAG! Meld dykk på! Og hugs: medlemmar kan søke om å få støtta kursavgifta! :D
15/01/2025

FRIST I DAG! Meld dykk på! Og hugs: medlemmar kan søke om å få støtta kursavgifta! :D

1.-2. februar 2025 arrangerer Noregs Ungdomslag instruktørkurs for erfarne instruktørar i folkedans. Kurset arrangerast i Bygdelagssamskipnaden sine lokaler, og går parallelt med den store dansefestivalen DANSDANSDANS med mykje spennande program.

Me er nominert til Folkelarmprisen for Årets Arrangør! Blir veldig spanande å sjå om me vinn den 16. november. Er uanset...
30/10/2024

Me er nominert til Folkelarmprisen for Årets Arrangør! Blir veldig spanande å sjå om me vinn den 16. november. Er uansett veldig stas å ein slik merksemd for arbeidet som blir gjort, stort sett av frivillige dugnadsfolk!

18.-20. oktober er det NU-helg i Bergen, og medlemmar i Leikarringen som vil på tur kan sjølvsagt søke styret om støtte ...
05/10/2024

18.-20. oktober er det NU-helg i Bergen, og medlemmar i Leikarringen som vil på tur kan sjølvsagt søke styret om støtte til reise og deltaking! Snakk gjerne med ein styremedlem om du er usikker 🥳

I går fekk Leikarringen storfint besøk av Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Åse Kristin Ask Bakke (Ap) frå Familie- og kulturk...
02/10/2024

I går fekk Leikarringen storfint besøk av Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) og Åse Kristin Ask Bakke (Ap) frå Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Dei fekk ei fortalt om den stor veksten som har vore hos oss, og i folkedans-Noreg dei siste par åra. I tillegg til ei innføring i Springdans frå Akershus av Jon Bugge Mariussen!

Hausten 2022 begynte det verkeleg å bløme i Leikarringen. Etter å ha hatt rundt 140 medlemmar og eit snitt på 15-20 stk. på øving i fleire år – både før og etter pandemien – begynte interessa å auke dramatisk. På to år har me auka medlemsmassen med kring 80%, og er no i snitt 60 stk. på øving, med toppar heilt oppe kring 100!

Det skjer mykje moro innan folkedansmiljøet i Oslo om dagen med både Folkemusikkpøbb i Oslo, Tuvas Blodklubb på Riksscenen og stort engasjement og mange unge dansarar i både hos oss, og hos Hallinglaget i Oslo og Leikarringen Frøy!

Stor stas var det òg å sjå kor glad Hilde Reitan blei av overraskinga frå stortingsrepresentantane om at FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans får 1 million kroner ekstra i driftstøtte til Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk!

Det var god stemning i dei gamle lokala til Det Norske Teatret i kveld, då representantar frå SP og Ap vitja leikarringen i Oslo. Dei kom med ei god nyheit til folkemusikkmiljøet.

Adresse

Rosenkrantz' Gate 8
Oslo
0159

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Leikarringen i BUL Oslo legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Leikarringen i BUL Oslo:

Del

Dette er Leikarringen i BUL Oslo

Leikarringen er ei dansegruppe for ungdom og vaksne. Litt info om tilbodet vårt:


  • Tysdagsøvingar – Faste øvingar kvar tysdag frå 19.30-21.30,med varierte tema. Alle er velkomne uansett forkunnskapar. Vi øver stort sett på bygdedans, runddans og turdans/songdans.

  • Søndansen – Dette er ein fast gruppe som øver på stildansar og rekkjedansar m.a. Øvingane er regelmessige, men eksakt dato avhenger av instruktør. Ta kontakt om du kan tenkje deg å bli med her!

  • BULder og Brak – Gruppa er ei hallinggruppe med medlemmer i alderen 10-20 år. Ta kontakt om du kan tenkje deg å bli med her!