Humanistisk Ungdom, Oslo lokallag

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Humanistisk Ungdom, Oslo lokallag Dette er den offisielle facebook-siden til Humanistisk Ungdom, Oslo lokallag! Her deler vi arrangementer, HU-nyheter og annet HU-relatert.

For kontakte oss er det bare å sende en melding her på facebook eller finn oss på instagram Her kan de som ønsker holde seg oppdatert om hva som skjer i HU Oslo lokallag, se på bilder fra våre arrangementer, og ikke minst si sin mening, dele artikler, bidra til debatt, og masse mer! Vår offisielle hjemmeside er http://www.humanistiskungdom.no/

I går hadde me skolering med Noregs institusjon for menneskerettar (NIM_Norge)! Det var kjempespennande, og me fekk delt...
07/10/2026

I går hadde me skolering med Noregs institusjon for menneskerettar (NIM_Norge)! Det var kjempespennande, og me fekk delta i eit interaktivt opplegg der me las gjennom aviser og fann fram ulike tekstar, bilete og overskrifter som handla om menneskerettar. Desse sette me saman til ein kollasj. Før me sette i gang med det, lærte me om dei ulike menneskerettane, rettane til barn og dei ulike lovverka som vernar om desse rettane rundt om i verda.

Etter at opplegget var ferdig, åt me pizza medan me snakka saman!

Bli med og ta aktivt del i ein spennande og interaktiv presentasjon saman med Noregs institusjon for menneskerettar (NIM...
03/10/2026

Bli med og ta aktivt del i ein spennande og interaktiv presentasjon saman med Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)!

Dato: 6. oktober
Tid: 16:30
Stad: Storgata 8

Me skal utforske menneskerettar i verda og i Noreg, korleis dei blir presenterte i nyheitene, og til slutt skal me reflektere over og diskutere ulike spørsmål!

Etter at me er ferdige, blir det sjølvsagt mat! Me legg òg til rette for brettspel eller noko anna kjekt dersom folk har lyst til det!

Stor-Oslo lokallag arrangerer mykje spennande i oktober, og vi håpar du vil vere med! Bla gjennom innlegget for å sjå kv...
29/09/2026

Stor-Oslo lokallag arrangerer mykje spennande i oktober, og vi håpar du vil vere med! Bla gjennom innlegget for å sjå kva som skjer, og finn aktivitetane som passar for deg. Vi gler oss til å sjå deg!



Bli med og ta en aktiv del i ein spennande og interaktiv presentasjon saman med Noregs Institusjon for Menneskerettar (NIM_Norge)!

Vi skal utforske menneskerettar i verda og Noreg, korleis dei blir presenterte i nyheitene og til slutt skal vi reflektere over og diskutere diverse spørsmål knytte til temaet!

Etter vi er ferdig blir sjølvsagt mat! Vi set òg opp brettspel eller anna gøy dersom folk vil det!



Halloween nærmar seg, og da må vi sjølvsagt arrangere gresskarskjering!

Bli med på ein rolig og kreativ kveld der vi skjer ut og designar våre eigne gresskar! Vi stiller med både gresskar og utstyr! Det einaste du treng å ta med er kreativiteten din!

Det blir òg pizza i løpet av kvelden!

Meld deg på her!:
https://forms.gle/ERFqEB4onvPDd9V67

Frist for påmelding er 8. oktober 23:59!



Vi skal arrangere Måleverkstad igjen, men denne gongen i oktober med Halloween-tema!

Det blir pizza i løpet av kvelden, og vi stiller med alt av utstyr nødvendig for å male eit skummelt Halloween-kunstverk - eller noko helt anna dersom du ikkje vil mala noko knytt til Halloween!

Påmeld deg her!:
https://forms.gle/AaS8VjLYNkGHunXF7

Frist for påmelding er 10. oktober 23:59! Det er maks 6 deltakarar så her gjeld det å vere rask!



Ta med deg ein venn eller to og bli med på skrekkfilmkveld saman med Stor-Oslo lokallag!

Vi serverer snacks, mat og drikke undervegs! Håpar vi ses!

Har du forslag til skrekkfilmar? Del dei gjerne her!:
https://forms.gle/z92Uh4uRUtCSJ2kL9



Bli med å bak og pynt muffens saman med Stor-Oslo lokallag til Halloween!

Vi stiller med alt av utstyr nødvendig for å lage og pynte dei beste muffens nokon gong! Håpar vi ser deg!



Bli med

I går arrangerte me infodump-kveld! Der høyrde me blant anna om nihilisme, verdsbygging, språk, korleis Ludo førte til m...
16/09/2026

I går arrangerte me infodump-kveld! Der høyrde me blant anna om nihilisme, verdsbygging, språk, korleis Ludo førte til maoismen og mykje meir! Me koste oss ogso med pizza og snacks!

Har du nokosinne hatt lyst til å snakka om noko du elskar til nokon som MÅ høyra på? No får du moglegheita med Stor-Oslo...
12/09/2026

Har du nokosinne hatt lyst til å snakka om noko du elskar til nokon som MÅ høyra på? No får du moglegheita med Stor-Oslo lokallag! Me skal ha infodumping, kvar du kan prata i veg om interessene dine! Me serverar ogso mat og drikke.

Om du har nokon spørsmål eller vil ha ein presentasjon til pratinga di, send ei melding til lokallagsnestleiar på tlf. 907 32 303.

Me sjåast!

I går hadde vi byvandring, og vi kosa oss utruleg mykje!! Vi åt falafel og kebab, såg mykje av byen, var innom ulike par...
11/09/2026

I går hadde vi byvandring, og vi kosa oss utruleg mykje!! Vi åt falafel og kebab, såg mykje av byen, var innom ulike parkar og såg på solnedgangen!

Vi hadde masse god stemning og fekk vandra litt overalt i byen!

Bli med på byvandring med Stor-Oslo lokallag!Vi møter opp på Storgata 8, før vi saman går på vandring rundt i byen! Vi s...
06/09/2026

Bli med på byvandring med Stor-Oslo lokallag!

Vi møter opp på Storgata 8, før vi saman går på vandring rundt i byen! Vi spanderer også mat, drikke og eventuelt noko snacks dersom folk vil ha det!

Vi sjåast!

Send ein DM eller melding til lokallagsleiar dersom du har spørsmål!

I går arrangerte vi brettspelkveld medan vi åt pizza! Vi storkosa oss og hadde masse god snacks og hyggeleg samtale gjen...
05/09/2026

I går arrangerte vi brettspelkveld medan vi åt pizza! Vi storkosa oss og hadde masse god snacks og hyggeleg samtale gjennom kvelden!

Vi inviterer til brettspelkveld endå ein gong! Bli med på ein koseleg og lågterskel kveld med god stemning, mat, drikke ...
24/08/2026

Vi inviterer til brettspelkveld endå ein gong! Bli med på ein koseleg og lågterskel kveld med god stemning, mat, drikke og snacks!

Vi har ei rekkje ulike brettspel som ein kan kose seg med, og vi har òg Nintendo Switch dersom nokon ønskjer å ta det i bruk! Ta med alle venene dine, så sjåast vi!

Send ein DM eller melding til lokallagsleiaren dersom du har noko spørsmål!

I går hadde vi besøk av Stein Taha Eide, nestleiar i Humanistisk Ungdom, som snakka om Tenkekassa-kampanjen vår! Det var...
21/08/2026

I går hadde vi besøk av Stein Taha Eide, nestleiar i Humanistisk Ungdom, som snakka om Tenkekassa-kampanjen vår!

Det var kjempe-lærerikt, og vi fekk diskutert mykje spennande saman både under presentasjonen og i løpet av kvelden! Etter at vi alle hadde gitt vår stemme til Tenkekassa, hadde vi sosialt samvær før vi åt sushi.

Etter det koste vi oss vidare med sosialt samvær, og nokre av oss blei med på ein runde med Secret Hi**er før vi drog heim! Det var ein utruleg fin og lærerik ettermiddag, og vi storkoste oss!

Hugs å stemma på kven DU meiner fortener Tenkekassa-prisen, fristen er 31. august kl. 23:59! Så stem, stem, stem!

Adresse

Storgata 8
Oslo
0155OSLO

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Humanistisk Ungdom, Oslo lokallag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Humanistisk Ungdom, Oslo lokallag:

Snarveier

Del