18/12/2025
For en fin årsoppsummering og julehilsen fra NOKU Møre og Romsdal 🎄❤️ et aktivt fylkeslag med mange flinke tillitsvalgte og engasjerte kulturarbeidere. Og neste år blir det NOKU-konferanse i Kristiansund Kommune, det gleder vi oss masse til 🌟🌟
Julehelsing 2025
No går det raskt mot jul og avslutting av arbeidsåret. Styret i NOKU Møre og Romsdal sender ei julehelsing til alle kommunane i fylket og gir litt informasjon om aktiviteten i år og det vi planlegg for neste år.
I 2025 vart for første gong ei kommune i Møre og Romsdal kåra til Norges kulturkommune av NOKU. Fylkeslaget nominerte Kristiansund, som først vart plukka ut som ein av 3 finalistar saman med Voss og Stavanger. Vi er stolte av Kristiansund som vart kåra og måten dei presenterte seg under kåringa på Kulturytring.
Gratulerer så mykje til Kristiansund! Å vere årets kulturkommune i dei neste to åra gir mange moglegheiter. Kristiansund er m.a. invitert med i EØS-prosjektet «Polske kulturhovedsteder og norske kulturkommuner» 2026–2028 og har fått tilbod om lagringsplass i Det Arktiske arkiv (Arctic World Archive – AWA). Sist, men ikkje minst, blir NOKU-konferansen lagt til i Kristiansund den 8. – 10. juni 2026. Håper å sjå dykk der!
Kulturytring er Norges nasjonale arena for kulturpolitikk, og samlar heile det norske kulturlivet i samtaler og debatt om kunst- og kulturpolitikk. Kulturytring vert arrangert kvart andre år i Drammen. I 2025 var NOKU Møre og Romsdal sitt faginnlegg v/Kristiansund kommune, med tittelen: Ligger sosio-kulturell bærekraft igjen i grøfta mens klimabussen suser forbi? Her såg vi nærare på korleis kvantifisere den sosio-kulturelle berekrafta for å løfte den på agendaen, og finne gode tiltak?
NOKU Møre og Romsdal arrangerte også eit møteplass for deltakarane frå Møre og Romsdal. Vi møttest til ein matbit og prat. Dette var vellukka, ikkje minst for å bli betre kjent med kvarandre. Vi vil gjerne fortsette å samle oss under neste kulturytring i 2027.
Årsmøte i NOKU MR vart helde 20. mars 25 i Kristiansund. Det var godt oppmøte med 14 deltakarar. Vi behandla vanlege årsmøtesaker. Sittande styre tok attval og handlingsplan vart vedteke med eit par innspel til tiltak. Etter årsmøtet gjekk vi vidare til ei omvising på den nye Campus avslutta med god lunsj. Etter lunsj deltok vi på eit seminar om kunst i offentleg rom. Styret meiner det var fint å legge årsmøtet til eit anna arrangement vi også har interesse av.
Handlingsplanen for NOKU Møre og Romsdal 2025 – 2026 er:
- Vi vil ha ein delingskultur for planverk, malar, retningsliner mm, på tvers av kommunane
- Vi vil arbeide aktivt med rekruttering og bygging av medlemsnettverk
- Vi vil jobbe strategisk med kulturpolitisk fokus
- Vi ønsker å utvikle kulturlivet i regionen i samarbeid og dialog med fylkeskommunen
Vi er glade for at vi i løpet av 2025 har etablert nærare kontakt og samarbeid med Kulturskolerådet Møre og Romsdal. Begge organisasjonane jobbar for kulturfeltet i Møre og Romsdal, så har kan vi styrke kvarandre. Kulturskolerådet deltok på Kulturytring, mens NOKU MR deltok på Kulturskolerådet sin konferanse i Molde i november.
Her haldt vi innlegget Kutt, kutt, kutt – gi opp, eller gønne på? Ann Helen og Toril presenterte lokale utfordringar om ei stille nedbygging av kulturfeltet saman med rapporten Kutt, kutt, kutt over hele linja. Rapporten er utarbeidd av Telemarksforsking på oppdrag frå NOKU og Fagforbundet og viser stoa i kommunal kultursektor 2025. Anna Stina Næss frå NOKU sentralt styrka innlegget med ny og aktuell kunnskap om kulturfeltet både frå nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Andre aktuelle saker i 2025:
- NOKU ny strategi og handlingsplan 2024-2028: «Hvordan styrke fylkeslagene til det beste for NOKU’s medlemmer»?
- Kulturlova: armlengds avstand og sterkare plankrav. Korleis kan NOKU vere ein ressurs for kommunane i dette arbeidet.
- Høyringssvar Regionale kulturfond, retningsliner regionalt
- Siri har vore NOKU MR sin representant i fylkeskommunen si planlegging av kulturkonferansen 25. Tema var retta mot friluftslivets år, men det var også kultur, litteratur og kulturformidling på dagsorden.
- Innspel frå NOKU MR til foreslått kutt av Den kulturelle spaserstokken i Møre og Romsdal frå 2026.
- Sissel sit i referansegruppa for regional kulturstrategi som representant for kommunane.
- Invitasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune om å vere assosiert partner og støtte til ein Horisont Europa-søknad om effektane av kunst og kultur på helse og velvære.
- Hanne fortset som vara i styret nasjonalt.
Årsmøte 2026 blir helde torsdag 9. april. Set av dagen, så kjem det meir informasjon om årsmøtet seinare.
Vi håper på eit godt samarbeid med alle kommunane også til neste år.
God jul og godt nytt år til alle!
Helsing frå styret i NOKU Møre og Romsdal
Du kan sjekke ut meir om NOKU sitt arbeid her: www.noku.no
Ta kontakt med styret om kultursaker av felles interesse.
Styret består av:
• Sissel Lillebø Aarseth - Ålesund, leiar
• Siri Ask Fredriksen - Gjemnes
• Hanne Brakstad - Rauma
• Ann Helen Stamnsve - Smøla
• Halstein Kurseth - Sykkylven
• Toril Skram - Kristiansund
• Anne Jorunn Sandøy - Aukra
NOKU er interesse- og kompetanseorganisasjonen som styrker den lokale kultursektoren.
I Møre og Romsdal er desse kommunane medlemer: Aukra, Aure, Giske, Gjemnes, Hustadvika, Kristiansund, Rauma, Smøla, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Volda, Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vi har plass til fleire medlemer, så ta kontakt på noku.no om det er aktuelt!