09/12/2025
💙 Tusen takk, Møre og Romsdal 💙
For ein innsats. Årets TV aksjon samla inn 271 329 327 kroner, og Møre og Romsdal bidrog med heile 13 026 931 kroner. Det gav oss ein solid 8. plass nasjonalt, men viktigare enn tala er kva dette faktisk betyr.
Bak kvar einaste krone står menneske som har brukt tid, stemme, energi og hjartet sitt for ei viktig sak.
⭐ Bøssebærarane, sjølve hjartet i TV aksjonen
Nesten 6 av 10 givarar gav direkte til ein bøsseberar. Det seier alt om krafta i å møte folk ansikt til ansikt.
I vårt fylke sørgde bøssebærarane for at det vart samla inn 5,3 millionar.
Dei gjekk frå dør til dør, i ver og vind. De smilte, spurde, forklarte og de vart tekne imot. Tusen takk.
🏢🌱 Næringsliv, skular og barnehagar, de løftar saman
260 bedrifter og organisasjonar i fylket stilte opp med bidrag og ringedugnader.
Skular og barnehagar samla inn 2,7 millionar kroner gjennom Salaby undervisning, løp og kreative tiltak.
Her er det lagt ned så mykje engasjement, glede og dugnadsånd. Det merkast og det tel.
🌍 Kva pengane går til
Gjennom Atlas-alliansen vil 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia få
✨ skulegang
✨ helsetenester
✨ nødhjelp
✨ jobbmoglegheiter
✨ rullestolar, protesar og bøker i punktskrift
Det er dette vi har bidrege til. Saman.
💛 Frå heile hjartet, takk
Til bøssebærarar, frivillige, kommunar, næringsliv, skular, barnehagar og alle som gav, takk for at de stiller opp.
Takk for at de opnar dørene.
Takk for at de opnar hjarta.
Dette resultatet er ikkje berre eit tal, det er eit prov på kva vi får til når heile fylket står saman.
Tusen takk, Møre og Romsdal, dette gjorde vi som alltid saman.