Kringkastingsringen

Kringkastingsringen Ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for nynorsk, norske dialekter og samisk i mediebiletet.

16/04/2026

Ragnhild Vartdal har diverre vorte sjuk, så møtet i kveld må bli utan heidersgjesten. Vi håpar å komme attende til dette temaet seinare.

Vi gjennomfører årsmøtet som planlagt frå kl. 18.30, og så går møtet over i friare prat med nokre interne innslag. Du er velkommen kor som er!

Denne veka har vi vore med og feira Norsk Ordbok. I år er det ti år sidan det imponerande ordboksverket vart ferdigstilt...
06/03/2026

Denne veka har vi vore med og feira Norsk Ordbok. I år er det ti år sidan det imponerande ordboksverket vart ferdigstilt i tolv band, og åremålet vart markert med eit fagseminar på Universitetet i Oslo. Her fekk vi høyre om den nye nettsida til ordboka, om vilkåra for sann og kuratert informasjon i ei ny KI-tid, om rolla Norsk Ordbok kan ha i utdanning og forsking, og mykje meir.

Fremst på gruppebiletet ser du mange av dei som bidrog på seminaret, f.v. Ivar Berg, Endre Brunstad, Oddmund L. Hoel, Kristin Bakken, Marita Kristiansen, Stina Aa. Lødemel og Terje Svardal.

Kringkastingsringen gratulerer med dagen og ønskjer lykke til med vidareutviklinga av ordboka!

(Nemnda for Norsk Ordbok stod for fotograferinga av møtelyden.)

Med Norsk Ordbok 2014 - Ordbok over det norske folkemålet

Adresse

Pb. 2987 Tøyen
Oslo
0608

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kringkastingsringen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kringkastingsringen:

Snarveier

Del