31/07/2026
🚇 Møt Sveinung Sandland, DF6 I Round Table Norge
Mi tabler reise starta sommaren 2022 då eg blei invitert med på sommaravslutninga til RT 73 Midt-Telemark saman med RT 55 Skien. Eg visste verken kva eg blei drege med på eller kva Round Table var. På hausten blei eg dratt med på møte rundt om i distriktet, og eg starta fort å kjenne att dei same fjesa.
Eg blei chartra i RT 73, men sidan eg budde i Skien søkte eg meg over til RT 55. I begge klubbane har eg hatt verv og fått sjå kor mykje arbeid som ligg bak for å lage eit godt program og skape aktivitet i klubben.
Det er ikkje gratis å prøve å få med seg alt mellom himmel og jord. Frå måndag til torsdag jobbar eg som produksjonsleiar på Rogfast-prosjektet mellom Haugesund og Stavanger. På det som blir verdas djupaste undersjøiske tunnel.
Som distriktsformann for Distrikt 6 ønskjer eg å ta med meg nokre av dei tinga eg har sett og opplevd i andre distrikt. Distrikt 4 har ein tradisjon der distriktsmøta er eit heildags arrangement for heile distriktet. Distrikt 5 er på si side flinke til å samarbeide med Ladies' Circle og arrangere felles aktivitetar. Begge desse tinga meiner eg me i Distrikt 6 kan bli betre på, og det er noko eg ønskjer å jobbe med det komande året.