Sogn og Fjordane-laget i Oslo

Veibeskrivelse Nettsted

Sogn og Fjordane-laget i Oslo Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Sogn og Fjordane-laget i Oslo, Ideell organisasjon, Nordahl Bruns Gate 22, Oslo.

Sogn og Fjordanelaget i Oslo tek vare på kultur og tradisjonar frå Sogn og Fjordane, og tilbyr innflyttarar til Oslo frå Sogn og Fjordane ymse aktivitetar i samsvar med dette.

Gode medlemmer!Det er sommar og snart ferietid for folk flest... 'Sogn og Fjordanelaget inviterer til uformell samling, ...
04/06/2026

Gode medlemmer!
Det er sommar og snart ferietid for folk flest... '

Sogn og Fjordanelaget inviterer til uformell samling, den siste før ferien, på Erketunet gardsbakeri – onsdag 10. juni 2026 kl. 14.30–17.00.
Stad: Tordenskjolds gate 12 (der Rosenkrantz gate munnar ut på Rådhuspl.)

Erketunet gardsbakeri er ein romsleg og triveleg kafé med bakeriutsal. Ny i Oslo i 2023, nyttar nynorsk og med opphav i Jølster og Førde. Mange frå Sogn og Fjordanelaget har allereie vore med på samlingane der. Vi som har vore der, kan trygt anbefale Erketunet og baksten deira. Erketunet er lett å finne: Gå på sjøsida av Rådhuset – mot Akershus festning – andre kvartalet etter Rådhuset, då finn du Erketunet gardsbakeri.

Det hadde vore kjekt om DU òg tok turen dit onsdag 10. juni!

Anny Sollid, lagsleiar i Sogn og Fjordanelaget i Oslo

Skipar og dagleg leiar Jenny-Marie Håland kan by på framifrå bakverk i Tordenskiolds gt. 12. Foto: Erketunet Gardsbakeri

23/05/2026

Vedrørande hytteturen 7. juni, som er avlyst.

Men! Det er ganske gode veirmeldingar for Oslo på sundag 7. juni.

Derfor blir det tur til Pustut (Sunnfjordhytta) for fleire, sjølv om det opprinnelege arrangementet er avlyst.

Veldig bra om fleire har høve til å ta seg ein tur dit

Er du ein utflytta sogning, nordfjording eller sunnfjording i Oslo, eller er du berre interessert i marka, og har lyst p...
20/04/2026

Er du ein utflytta sogning, nordfjording eller sunnfjording i Oslo, eller er du berre interessert i marka, og har lyst på ein hyttetur i Osloområdet? Då har vi spennande nyheiter til deg! Sogn og Fjordane-laget eig i dag to hytter. Den eine (Sunnfjordhytta) er i Lillomarka og den andre (Nordfjordhytta) er på Eineåsen ved Rykkinn. Desse er enkle å leige og ikkje minst rimelege i bruk, særleg for medlemmar i Sogn og Fjordane-laget (450 kr i året for medlemmer).

Vi inviterer til eit hyggeleg infomøte 28. april kl. 19-20 i Nordahl Bruns gate 22. Der får du informasjon om korleis du kan bruke hyttene og korleis du kjem deg dit.

Vi arrangerer òg ein felles tur søndag 7. juni til Sunnfjordhytta, der de har moglegheit til å vere med på felles avreise saman. På hytta vert det servering av kaffi og noko godt å bite i. Meir informasjon om denne turen kjem seinare. Elles kan ein sjå ruta til hyttene på sognogfjordanelaget.no

Vennligst gi beskjed om du kjem anten på infomøtet 28. april eller på hytteturen 7. juni, slik at vi kan forberede oss. Svar oss anten på FB eller på [email protected]. Vi ser fram til å sjå deg der!

Frå førre tur til Nordfjordhytta😊
10/04/2026

Frå førre tur til Nordfjordhytta😊

Pustut, eller Sunnfjordhytta, er ei koseleg lita tømmerhytte som ligg ved Ormetjern i Lillomarka. Hytta er nabo med Sino...
08/04/2026

Pustut, eller Sunnfjordhytta, er ei koseleg lita tømmerhytte som ligg ved Ormetjern i Lillomarka. Hytta er nabo med Sinober Sportsstue. Eigedomen er på over 40 mål. Hytta har to hemsar med plass til 10 personar men ingen soverom. Det er lagt inn elektrisk straum.

Hytta vart noko ombygd i 2012. I 2014 vart det bygd eit nytt kjøken med etestove, og nytt inngangsparti med garderobe og do/vaskerom. Hytta har ikkje innlagt vatn eller dusj.

Der er eit fint løypenett om vinteren og mange fine turstiar om sommaren.

Meir info om Pustut finn du på sognogfjordanelaget.no!😊

Nordfjordhytta ligg på Eineåsen ovanfor Rykkinn i Bærum. Hytta ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt over store delar...
08/04/2026

Nordfjordhytta ligg på Eineåsen ovanfor Rykkinn i Bærum. Hytta ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt over store delar av Bærum og Oslofjorden mot Nesoddlandet. Her er det fint å nyte sola ein fin sommardag. Bakom ligg marka og innbyr til turar både sommar og vinter.

Turen til fots opp frå Busoppveien på Rykkinn er ikkje lang, men litt bratt. Det kan vere greitt å rekne med at det tar 30-60 min.

Hytta har 3 soverom med totalt 10 køyesenger, stor hems og romsleg peisestove, spisestove og kjøken. Hytta har ikkje elektrisk straum, men solcellestraum til lys. Gass til koking, og vatn frå bekk i nærleiken av hytta. God plass til 10-15 personar.

Sjå meir info med kart på sognogfjordanelaget.no!😊

Adresse

Nordahl Bruns Gate 22
Oslo
0165

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sogn og Fjordane-laget i Oslo legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del