18/03/2025
I kveld har Ungdommens kulturpris i Os kommune blitt delt ut - og i år var det 4H-klubban i Os som fikk den ~ Fram, Freidig, Ivrig og Fjellbygda 🥳💚🍀 Det va skikkelig stas 🥰
Her er begrunnelsen;
«4H-klubbane i Os - Fram, Freidig, Ivrig og Fjellbyga får Ungdommens kulturpris 2025.
4H sitt formål er: "4H skal utvikle en aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarsfølelse og respekt for natur og mennesker.", og mottoet er:Å lære ved å gjøre".
Klubbane har stor og positiv verksemd med kurs, sosiale aktivietar, friluftsliv, ballspel, kulturelle aktivitetar, dei lærer forskjellige ferdigheter, og reiser på turar og leirar. Dei jobbar for samhald mellom medlemane og bidreg til liv, fellesskap og aktivitet i bygdene. Dømer er grautfest, dugnadar, åpne kveldar med mat og underhaldning, natursti, teaterframsyningar, karneval og bidrag på 17. mai, juletrefestar og mykje anna. Idretten deira er volleyball.
I ei tid der nokre ungdomar tykkjer det er vanskeleg å finne seg til rette og mange fell frå sosiale aktivitetar, kultur og samvær, er 4H-klubbane særs viktige.
Dei har mange medlemar, har lang historikk (sidan 40 - 50 talet) og er åpne og inkluderande for alle barn og unge på tvers av alderstrinn. Eg har inntrykk av at dei har det morosamt og givande saman, samtidig som dei lærer mange ferdigheter, blir samfunnsengasjerte og får oppleva verdien av samhold og innsats. Ungdomane sjølve styrer klubbane og lærer med det organisasjonsarbeid - med rettleiing og hjelp fra å vaksne.
i 2024 arrangerte klubbane i samarbeid ein flott fylkesleir i kommunen vår. Strålande vellykka og godt organisert. Det var ei stor helg for ungdomane, og god omdømmebygging for Os kommune.»