28/11/2024
Styret i Natteravnene Bjørnafjorden har i dag gitt 10 000 kroner til Prosjekt Hjartetre i regi av Os frivilligsentral , og oppmodar alle andre som har høve, til å gje eit bidrag. Dette fantastisk gode prosjektet prøver å gjera jula litt betre for dei som slit.
Les meir om prosjektet her:
Mange familiar i Bjørnafjorden har ikkje råd til julegåver til barna sine, eller til å handle inn noko ekstra til julefeiringa. Vil du vere med å oppfylle eit juleønske?