21/12/2024
Kjære medlem og gode venner🤗
Nok ein gong nærmar me oss jul og året er på hell.
2024 har vore eit innhaldsrikt år for Mental Helse Kvam, det har komme til mange nye medlemmer, og me har hatt fokus på fellesskapet og fine aktiviteter.
Verdensdagen for psykisk helse, handla i år om å prata meir i lag, og å setja av 8 minutter om dagen for å ringe nokon som du bryr deg om.
No i Jula er kanskje dette særs viktig, det er mange som sitt aleine eller kanskje føler på eit samn. Det er alltid godt å få prata i lag, med familie eller venner.
Eg vil òg oppmoda om, å ta dykk tid til å invitere kvarandre på ein liten kaffekopp og den gode samtalen ellers om året.
2025 vert eit spanande år, Mental Helse Kvam feirer 25 års jubileum og dette skal sjølvsagt markerast. Det vert òg som før mange fine medlems-aktiviteter i året som kjem.
Ynskjer alle ei fredeleg julefeiring og eit spanande godt nytt år.
Vennleg helsing
Styret
Jan T.