KvammaVEKO

KvammaVEKO KvammaVEKO er eit samarbeidsprosjekt mellom Mental Helse, Grannehjelpa og Kvam herad. I KvammaVEKO ha "Veko" vart arrangert første gong i 2014.

KVAMMAveko er eit samarbeidsprosjekt mellom Grannehjelpa, Kvam herad og frivillig organisasjonar i Kvam. I KVAMMAveko har me fokus på psykisk helse og frivillig arbeid.

KvammaVEKO er over for denne gong - og for ei veke det vart! 🤩Me hadde aldri klart å tilby eit så innhaldsrikt og varier...
21/10/2025

KvammaVEKO er over for denne gong - og for ei veke det vart! 🤩
Me hadde aldri klart å tilby eit så innhaldsrikt og variert gratis program om det ikkje hadde vore for sponsorane våre. Det lokale nærings- og organisasjonslivet i Kvam har bidrege stort, og gjort det mogleg for oss å både hyra inn kjende føredragshaldarar, og servera ein liten matbit på arrangementa våre.
Me ynskjer å retta ei stor TAKK til alle som har vore med på å realisera KvammaVEKO 2025. Støtta dykkar er uvurderleg, og me er takksame for kvar og ein av dykk. Utan dykk, hadde det ikkje blitt noka KvammaVEKO! TUSEN TAKK! 💚

Flott og stemningsfull avrunding av årets KvammaVEKO. 🔥Ljos i mørkret i Holmsund baud på eit stort bål i haustmørkret, v...
20/10/2025

Flott og stemningsfull avrunding av årets KvammaVEKO. 🔥
Ljos i mørkret i Holmsund baud på eit stort bål i haustmørkret, varm kaffi og kakao, pølser i brød eller lompe, live-musikk, og ei god stund saman i friluft.
Hermund Furu var bålmeister, Stig Lundblad-Sandbakk spela gitar og song, og elevar ved Innsats for andre gjorde ein framifrå frivillig innsats for å skapa hyggjeleg og god atmosfære.
Det lyt også nemnast at planleggingsgruppa må ha gjort eit imponerande planleggingsarbeid då det berre var fem pølser att i gryta ved slutten av kvelden!
Me håpar alle gjekk mette frå siste arrangement for denne gong - og at VEKO har gjeve deg noko for både kropp og sjel.
Takk for no! 💚

For ein kveld i Norheimsund kyrkje! 🤩Psykolog Frode Thuen samla 162 personar i menigheitssalen - og til og med nokre til...
17/10/2025

For ein kveld i Norheimsund kyrkje! 🤩
Psykolog Frode Thuen samla 162 personar i menigheitssalen - og til og med nokre tilhøyrarar på gangen! - då han snakka om viktigheita av psykisk beredskap. Fagleg fundert, men fortalt på ein folkeleg og lettfatteleg måte, vart det rom for både latter og ettertanke. Ei verkeleg flott og verdig avslutning på føredragsdelen av årets KvammaVEKO! 💚

--

Hugs "Ljos i mørkret" i Holmsund/Nyatreet i dag kl. 18.00! Her vert det stort bål, GRATIS pølser, kaffi, kakao - og live-musikk! Ta med deg heile familien, og alle venene dine, og bli med! 🔥

Sterkt. Gripande. Viktig. Dette er berre eit fåtal av tilbakemeldingane som kom etter føredrag og bokbad med Alexander S...
15/10/2025

Sterkt. Gripande. Viktig. Dette er berre eit fåtal av tilbakemeldingane som kom etter føredrag og bokbad med Alexander Skadberg og Tove Lie. Som Alexander sjølv skriv i sitt eige Instagram-innlegg om opplevinga på Kvam bibliotek i går:

"Det kom tårer fra scenen, og det kom tårer i salen. Men det er fordi vi deler noe. Vi deler tap, savn, håp og styrke. Vi kjenner på at livet ikke alltid er enkelt, men vi vet også at det blir lettere når vi står sammen."

Å våga å dela det som er vanskeleg og vondt, krever mot til å gjera seg sjølv sårbar. At vinsten ved å tora å vera nettopp sårbar kan vera stor og vakker og meiningsfull, kunne ein tydeleg oppleva i biblioteket i går kveld. Tusen takk til Alexander, Tove, og alle som kom - for at de delte denne stunda saman med oss, og for motet dykkar. 💚

14/10/2025

Ei helsing frå Alexander Skadberg og Tove Lie, som, i skrivande stund, er på veg til Norheimsund! 🥳
Kom til Kvam bibliotek kl. 19.00 i kveld, og høyr forfattarduoen fortelja om boka ADOPTERT OG FORLATT, og den sterke historia til Alexander som er skildra i denne. Under føredraget og bokbadet vil dei koma innom tema som adopsjon, barnevernssystemet, rasisme, utanforskap, rus, overgrep - og korleis eit barn som har det vanskeleg kan klara seg på trass av alt, med gode hjelparar i ryggen.
VELKOMEN! 💚

For ein pangstart på årets KvammaVEKO! 🤩Fyrste dag, hadde me heile fire arrangement: Kafé Påfyll, føredrag ved Dag Otto ...
14/10/2025

For ein pangstart på årets KvammaVEKO! 🤩
Fyrste dag, hadde me heile fire arrangement: Kafé Påfyll, føredrag ved Dag Otto Lauritzen for skuleelevar på Framnes Arena, eventyrstund i Sandvenlia med Kvam Turlag, og føredrag ved Dag Otto Lauritzen for ålmenta på Kvam ungdomsskule.

--

Og me held fram i same leia med høg kvalitet! I kveld vert det nemleg føredrag og bokbad med forfattarduoen Alexander Skadberg og Tove Lie. Saman, har dei skrive boka ADOPTERT OG FORLATT, som fortel historia om Alexander sitt liv. Alexander starta livet som barnevernsbarn i Colombia, vart adoptert til Noreg, og hamna inni barnevernssystemet igjen. Oppveksten var prega av ei kjensle av utanforskap, i ungdomsåra var han på veg inn i rus og kriminalitet, og samstundes vart han utsett for overgrep av vaksne menn. Resultatet? Han vart sett på som ein sint ung gut, og eit problembarn.

Høyr Skadberg & Lie fortelja den sterke historia om Alexander - korleis han har klart seg på trass av, korleis han fann røtene sine, og om dei gode hjelparane han har hatt med seg på vegen.

Velkomen! 💚

14/10/2025

Bokbad på biblioteket i Norheimsund kl 19.00 i dag 👏🏻👏🏻👏🏻 kom og ta med naboen. Del del del

13/10/2025

I dag startar me Veko vår - få da med deko og del det glade budskap 🤩🥳🥳

08/10/2025

Detaljert program finn du lenger nede på sida her eller under hendingar 🤩🤩

04/09/2025

Planlegginga av årets KvammaVEKO er i full gang - og me gledar oss verkeleg til å dela det fullspekka programmet vårt med dykk!
(Følg med på sida her for å halda deg oppdatert.)
KvammaVEKO tek stad i veke 42, frå 13. til 17. oktober. Set av datoen - du kjem svært truleg til å finna minst eitt arrangement du har lyst til å gå på! 😉

Adresse

Sandvenvegen 1 B
Norheimsund
5600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når KvammaVEKO legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til KvammaVEKO:

Del