Barnas Turlag Eid
- Hjem
- Norge
- Nordfjordeid
- Barnas Turlag Eid
Vi i Barnas Turlag Eid vil skape turglede hos barn og familiane deira. Bli med!😃 Målgruppa vår er born mellom 0 og 12 år.
Adresse
Nordfjordeid
6770
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Barnas Turlag Eid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Organisasjonen
Send en melding til Barnas Turlag Eid:
Our Story
Barnas Turlag Eid er eit lokallag i Midtre Nordfjord Turlag, Sogn og Fjordane Turlag og Den Norske Turistforening. Vi vil legge til rette for gode opplevingar i naturen i nærområdet vårt i Eid og bidra til å skape turglede hos dei borna og familiane som deltek på arrangementa våre. Målgruppa vår er born mellom 0 og 12 år. I løpet av året arrangerer vi to Kom deg ut-dagar og fleire andre fellesturar. Vår/haust har vi Torsdagstrill annan kvar torsdag for dei som er heime med små ungar. Vi har også Turbotrim som har vorte eit populært turtilbod der ein sjølv kan bestemme kva tid ein vil gå turane til dei ulike postane. Deltaking gjev premiering til dei som har betalt medlemskap i turlaget. Alle våre aktivitetar skal vere eit lågterkseltilbod til dei ungar og familiar som ønskjer å delta. Ein treng ikkje vere medlem for å vere med på fellesturar og arrangement, men vi set sjølvsagt pris på om fleire ønskjer å støtte arbeidet vi gjer lokalt her i Eid ved å melde seg inn. For medlemsprisar, sjå: https://www.dnt.no/medlem/. Medlemskap teiknar ein via dnt sin heimeside. Desse sit i styret for BT Eid i 2019:
Jan Frode Kleppe Haavik (leiar), Gustav Orheim, Hege Seljen Torheim, Lise Grønbukt, Ida Malen Sørensen, Jamshed Islami. Vi gjer merksam på at foreldre/føresette sjølv har ansvar for eigne ungar som deltek på BT Eid sine turar og arrangement.