02/05/2026
Hingsteutstillinga 2026 er over, og alle har reist heim. Nokre med sløyfer og gode poeng, andre er kanskje skuffa over at hesten ikkje nådde heilt opp i år. Det krever like mykje førebuingar uansett resultat, og dei som ikkje skal verke i avlen har ei framtid føre seg som sportshest, arbeidshest, familiehest eller rideskulehest.
Dommarane har sagt at det var svært mange gode bruksprøver å sjå i år, både blant treåringane og blant dei som stilte til utvida bruksprøve. Hestane var godt førebudde på oppgåva som venta dei, og dette viste att på poenga som vart delt ut.
Norges Fjordhestlag ynskjer å takke alle som har delteke på hingsteutstillinga i år. Takk til alle som har lagt ned ein stor jobb i å trene fram og vise hingst, og takk til dei som frå i dag tek over hingstane og skal lose dei igjennom årets bedekningssesong og lage framtidas fjordhestar.
Takk for godt samarbeid til våre medarrangørar Nordfjord Fjordhestlag og Eid Fjordhestlag. Takk til Norsk Hestesenter, kåringsnemnda og bruksprøvedommarane, som har gjort ein formidabel jobb med å bedømme årets hingstar i ringen og under bruksprøvene.
Takk til alle som møtte opp som publikum, både frå Noreg og utlandet. Det var i år representantar tilstade frå Sverige, Finland, Danmark, Tyskland, Belgia, Sveits, Nederland og Frankrike.
Takk til våre sponsorar Leietau.no, Agria Dyreforsikring Norge og Skoies Hesteutstyr som har bidrege med premiar, og St.Hippolyt Norge som har hatt stand under hingsteutstillinga. Takk også til alle andre som har gitt gåvepremiar og medaljar.
Ein ekstra takk til vår tettaste samarbeidspartnar Norsk Fjordhestsenter for all jobben de har gjort i forkant av og under hingsteutstillinga.
Vi kjem attende med fleire bilete og resultat i løpet av helga.