Norddal Idrettslag

Norddal Idrettslag Norddal Idrettslag
Positive aktivitetar og friluftsliv for allslags positive folk. NIL

Norddal Idrettslag legg vekt på å tilretteleggje for at folk flest skal ha gode mogelegheiter for vere i aktivitet og halde på ei god helse. Ved å utvikle og vedlikehalde lokalitetane og anlegga til laget, aukar vi motivasjonen til å kome seg ut og trimme, og sørgjer for gode møteplassar. I salen i grendahuset møtest vi til dame- og herretrim gjennom vinteren, og i kjellaren har laget treningsrom

med det meste av utstyr for dei som ønskjer å trene både styrke og kondisjon. Dette er eit mykje brukt tilbod for folk i ulike aldrar i begge bygdene på sørsida. På fjellet køyrer vi opp løyper gjennom heile vinteren, og på Rellingsætra har vi skihytta som er eit populært turmål og ein møteplass for mange. Naturen rundt bygda innbyr elles til aktivitet året rundt, og ved å rydde og merke råser, ha trimpostar og Stikk-ut postar både sommar og vinter, motiverer vi folk til å kome seg ut. I samarbeid med EIL har vi også aktivitetstilbod for born gjennom treningar og cupar både innan ski og trim- og friidrett. Elles blir det også lagt opp til felles turar i området, spesielt i sommarsesongen. Den tradisjonelle påskebingoen vår er eit fast arrangement som bidreg til økonomien i laget, og i tillegg er ein populær aktivitet i påska.

Ein god gjeng møtte opp på dugnad på ballbingen på onsdag. Endå nokre steg vidare vart det, så snart klart til sommar og...
28/05/2026

Ein god gjeng møtte opp på dugnad på ballbingen på onsdag. Endå nokre steg vidare vart det, så snart klart til sommar og aktivitet🏃‍♂️🤸🤾

Då har posten på Kvithaugen kome opp med litt ny plassering, ny kasse og fjelltrimbok ved ein flat kvilestein. Skulle ve...
24/05/2026

Då har posten på Kvithaugen kome opp med litt ny plassering, ny kasse og fjelltrimbok ved ein flat kvilestein. Skulle vere litt lettare å finne no.🤗 Posten ligg mellom Rellingsætra og Nonshaugen, og er eit fint mål i seg sjølv, eller berre som litt ekstra poeng på vegen til Nonshaugen eller Middagshesten. Fin rundtur via Hatlestadsætra går også, men då er der ikkje rås heile vegen🤩💪🏃‍♂️

Nokon som saknar denne?
23/05/2026

Nokon som saknar denne?

No er også Stikk-ut posten på Kallsethaugen i Herdalen open og tilgjengeleg😊☀️ God tur!🏃‍♀️🏃‍♂️🐦🌸
10/05/2026

No er også Stikk-ut posten på Kallsethaugen i Herdalen open og tilgjengeleg😊☀️ God tur!🏃‍♀️🏃‍♂️🐦🌸

I dag har Stikk-ut og fjelltrimmen starta opp, og NIL har postar på mange flotte turmål, både korte og lange! 🤩🏃‍♀️🏃 Sti...
01/05/2026

I dag har Stikk-ut og fjelltrimmen starta opp, og NIL har postar på mange flotte turmål, både korte og lange! 🤩🏃‍♀️🏃 Stikk-ut kodane er klare på Daurmålsfjellet og Kvilet, og dei fleste bøkene er også klare! Vi startar å telje poeng frå 1.mai på alle postar som er tilgjengelege. Ønskjer alle mange flotte turar i sommar, og utfordrar spesielt ungane til å kome seg ut på tur!🏃‍♀️🏃‍♀️🏃🏃‍♂️😎

I dag gjekk startskuddet for første løp i ENG- CUPEN, Andersgarden rundt.Svært godt oppmøte og god stemning i nydeleg vå...
30/04/2026

I dag gjekk startskuddet for første løp i ENG- CUPEN, Andersgarden rundt.
Svært godt oppmøte og god stemning i nydeleg vårvær.

Den årlege FJORDstafetten gjekk av stabelen i går. Gratulerer til Stordal Idrettslag for eit fint arrangement, som både ...
26/04/2026

Den årlege FJORDstafetten gjekk av stabelen i går. Gratulerer til Stordal Idrettslag for eit fint arrangement, som både førstegongsarrangør og førstegongdeltakar med fleire deltakande stafettlag🌞.
Det er kjekt med venlege konkurransar, i år var spurten mellom 2 og 3 plass i "vaksenstafetten" den mest spennande!
Deltakarane frå Norddal Idrettslag klarte ikkje å halde på topplasseringane frå åra før, men alle deltakarane gjorde ein mesterlig innsats i hagl, regn og vind.
Neste år må vi ha ambisjoner om meir enn eit lag i kvar klasse!

Tid for å springe igang sommarsesongen med Andersgarden rundt!🏃‍♂️🏃‍♀️🏃🌸😊
23/04/2026

Tid for å springe igang sommarsesongen med Andersgarden rundt!🏃‍♂️🏃‍♀️🏃🌸😊

Berre å leite opp joggeskoa!

Adresse

Norddal
6214

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Norddal Idrettslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Norddal Idrettslag:

Del