Fosshalla blir brukt til blant anna: dans, dåp/navnefest, bryllup, konfirmasjon, slektstreff, bursdagsfeiring, halloween, konsert, nyttårsfeiring, basar, bingo mm. Naustdal Ungdomslag er ein frivillig organisasjon som ønskjer å skape engasjement og møteplassar for folk i alle aldrar. Som medlem får du vere med å lage liv i bygda – saman med andre som også vil få ting til å skje. Kanskje du berre v
il bidra litt når det passar – eller støtte eit godt tiltak som held Fosshalla og lokalmiljøet levande.
Ønskjer du å bli medlem?
- 100 kr i året for deg mellom 0–26 år
- 200 kr i året for vaksne
Betaling via kontonummer 3841 35 08190, eller vipps #620949. Merk med "ditt navn". OBS: Ved betaling via Vipps - koster det 5,- ekstra (vipps 205,- om du er over 26 år). Som medlem blir du også med i Facebook gruppa "Naustdal Ungdomslag Medlemmer". Der får du oppdatert informasjon om kva som skjer i ungdomslaget. https://www.facebook.com/groups/704044132364296/
Medlemsfordelar:
- 10 % rabatt på leige av Fosshalla
- 50 kr i avslag på arrangement i regi av Naustdal Ungdomslag
- Rabatterte billettar hos Teater Vestland
- 20 % rabatt på billettar hos Det Norske Teatret i Oslo
- 20 % rabatt på Comfort, Quality og Clarion-hotell i Bergen
- 15 % rabatt på De Bergenske hotellkjeden i Bergen
- 15 % rabatt på rekneskapsprogrammet Fiken
- 10 % rabatt hos Heimen Husfliden
- 10 % rabatt på Kaffistova i Oslo
- 15 % rabatt på teatersminke og spesialeffekter i nettbutikken Kostmask.no
Lov for Naustdal Ungdomslag:
§1 Føremål
1. Naustdal Ungdomslag er eit frilyndt lag som ønskjer å skape engasjement og levande lokalmiljø.
2. Laget er medlem i Sogn og Fjordane Ungdomslag og godkjenner lovene og føresegnene til Noregs Ungdomslag. Arbeidet skal drivast i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.
3. Laget skal legge vekt på samarbeid med andre ungdomslag, fylkeslaget og Noregs Ungdomslag for å styrkje felles kulturelle og økonomiske føremål.
§2 Medlemsskap og årskontigent
1. Alle som godkjenner føremålet til Naustdal Ungdomslag kan bli medlemmer i laget og i Noregs Ungdomslag.
2. Medlemmer melder seg inn i laget ved å betale ein årskontigent eller satsar fastsett av årsmøtet i laget, fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag.
3. Alle medlemmer over 14 år som har betalt årskontigent, og som har vore medlemmer i laget i minst ein månad, har røysterett i laget.
4. Styret i laget har ansvar for medlemsverving.
Ønsker du å leige Fosshalla til eit privat arrangement? Send ein mail til [email protected]