Olav Duun-stemnet i Namdalen

Olav Duun-stemnet i Namdalen Olav Duun-stemnet i Namdalen på Jøa
19-21.juni 2026 Gjennom vårt arbeid legg vi vekt på å skape møteplassar der litteratur, kultur og natur går hand i hand.

Olav Duun-stiftinga i Namdalen (ODIN) er ei ideell stifting som har som føremål å ta vare på minnet om forfattaren Olav Duun og å formidle og levandegjere hans dikting og landskap. Vi ønskjer å gjere Duun sitt liv og verk tilgjengeleg for både det lokale publikummet og dei som kjem tilreisande, slik at fleire kan oppdage den unike kulturarven han har etterlate seg. Det viktigaste tiltaket vårt er

Olav Duun-stemnet på Jøa, som samlar folk til foredrag, opplesingar, konsertar og vandringar i det landskapet som inspirerte Duun. Stemnet er ein arena for kunnskap, opplevingar og fellesskap – ein stad der ord og natur får leve saman. Vi arbeider òg med å styrkje interessa for Olav Duun sitt forfattarskap gjennom formidling, samarbeid med kulturinstitusjonar og utvikling av aktivitetar som gjer arven hans levande for nye generasjonar.

17/03/2026
Her kjem ei helsing frå Terje Adde, komponisten av «Juvikingar», verket som skal urframførast på stemnet på opningskveld...
15/03/2026

Her kjem ei helsing frå Terje Adde, komponisten av «Juvikingar», verket som skal urframførast på stemnet på opningskvelden 19. juni kl. 18.30!

"Då er det om lag tre månader til urframføringa av eit nytt, større verk knytt til Olav Duun: Juvikingar. Med to solistar, stort orkester og kor ser romanfigurane Anders og Massi tilbake på dei første som slo seg ned på Juvikgarden sist på 1700‑talet og først på 1800‑talet. Det er i år 150 år sidan Duuns fødsel, noko som blir markert på Jøa med eit omfattande program frå 19. til og med 21. juni."

Vel møtt på Jøa 19.juni!

Billettar får du på https://namsos.kulturhus.no/olav-duun/

Arnar Aanes Bjorøy, som spelar Didrik i Rosenvang Teater si framsyning på søndag kl. 15.30 under stemnet, er fødd og opp...
02/03/2026

Arnar Aanes Bjorøy, som spelar Didrik i Rosenvang Teater si framsyning på søndag kl. 15.30 under stemnet, er fødd og oppvaksen i Namsos.
Han er utdanna ved Bårdar Akademiet og NSKI. Arnar har arbeidd ved fleire av institusjonsteatera, spel og det frie feltet. Arbeid i utval: Shrek The Musical, Utvik Senior, Taushetspakten, Maridalsspelet, Lekamøya og Hestmannen, Ein fisk til Luna og Skrubbsår.
Arnar brenn for å fortelje ekte historier både på scene og skjerm. Han er glad i ei utfordring og likar å utvida komfortsona i arbeidet sitt. Arnar søkjer alltid autentisitet og ærlegdom i arbeidet med karakterar, og går laus på ein karakter på same måte uansett om det er Shrek eller Didrik i Medmenneske han skal spela.
I møtet med Medmenneske blir han fascinert av Duun si evne til å fanga det særtrønderske, samstundes som han skriv psykologisk og analyserande om menneska. Duun har ei eiga evne til å fanga det dualistiske i oss.

Her er oppdatert program for stemnet på Jøa 19.–21. juni 2026!Konserten med Åge Aleksandersen er utseld, men det er fram...
28/02/2026

Her er oppdatert program for stemnet på Jøa 19.–21. juni 2026!

Konserten med Åge Aleksandersen er utseld, men det er framleis mogleg å høyre han – kanskje ikkje syngjande, men i samtale med mellom anna Sylfest Lomheim og Grethe Syed på litteraturseminaret søndag kl. 10.30.

Vi har òg fått med innslag av dans på toppen av Jøatrappa med elevar frå Olav Duun vidaregåande skule. Det ser vi for oss kan bli eit flott syn ut mot havet etter opplesinga til Hildegunn Eggen. Dette skjer etter turen over Eventyrstien, som startar kl. 09.30 frå Svarvan på Dun.

Her er det mange moglegheiter til å få oppleve nokre fine dagar i Olav Duun sitt «Landet i eventyret»!

De er alle hjarteleg velkomne til Jøa!

Christoffer Calandri er utdanna skodespelar og songar frå Bårdar Akademiet, og arbeider som utøvar og produsent. Han har...
26/02/2026

Christoffer Calandri er utdanna skodespelar og songar frå Bårdar Akademiet, og arbeider som utøvar og produsent. Han har medverka i teaterframsyningar, spel og musikalar som RENT og Svartedauden, og har produsert fleire eigne teaterstykke.
Christoffer engasjerer seg for realisme og autentisitet i teateret. Han blir trekt mot sterke, komplekse karakterar – og er særleg glad i historisk dramatikk. Elles er han ein ivrig lesar, med ei forkjærleik for eventyr og episke forteljingar med tydelege moralske spenningar.

Gunhild Ingdal (28) arbeider frilans som skodespelar/musikalartist og er utdanna ved Bårdar Akademiet. Før dette gjekk h...
26/02/2026

Gunhild Ingdal (28) arbeider frilans som skodespelar/musikalartist og er utdanna ved Bårdar Akademiet. Før dette gjekk ho musikal ved Romerike folkehøgskule, og ho er i tillegg utdanna sjukepleiar frå UiA.
Gunhild har medverka i monologframsyning, teaterstykke og musikalar – sist som Maria i Sound of Music. Ho er styreleiar for Ingdalskaia foreining, der ho i fjor laga eit nyskrive spel saman med broren sin, og debuterte som regissør og tekstforfattar. Ho har òg vore statist i diverse TV-seriar og kortfilmar.
Gunhild blir driven av karakterarbeid, og fascinerast av psykologien bak rolla og intensjonen bak replikkane. Ho engasjerast av sterke kvinneroller og stykke der det ikkje finst ein tydeleg «helt» eller «skurk». Ho har stor kjærleik for songformidling og nyt arbeid der uttrykk, tekst og musikk smeltar saman. I tillegg er ho nysgjerrig på det mystiske, nervepirrande og urovekkande – noko som kling godt i møte med Olav Duuns Medmenneske.

Møt desse to dyktige og interessante forfattarane, begge oppvaksne i Namdalen, på bokbad laurdag 20. juni kl. 15.30 på Å...
25/02/2026

Møt desse to dyktige og interessante forfattarane, begge oppvaksne i Namdalen, på bokbad laurdag 20. juni kl. 15.30 på Åsly, Jøa.

Guri Idsø Viken blei nyleg nominert til Sørlandets litteraturpris for boka si Krakk!

Maren Barlien har mellom anna omsett Hallgrímur Helgasons "Seksti kilo solskin" som kom ut i januar 2026. Den fekk terningkast 6 av litteraturkritikar Anne Cathrine Straume då ho meldte boka.
Etter berre tre veker låg ho på toppen av Bokhandlerforeininga si liste.
Maren ga ut boka Einbreid bru i 2023 og denne vann ho prisen Årets debutant - skrivestipend under Litteraturfestivalen på Lillehammer i 2024.

21/02/2026

Adresse

Jøa
Namsos
7856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Olav Duun-stemnet i Namdalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del