28/12/2025
Godtfolk og gode støttespelarar.
Nå er jula over oss igjen, og eg vil nytta høvet til å takka for året som har gått og for støtta du og dine har gitt oss.
Me held koken. Det er nå 21 år sidan me så smått starta opp med Namelok som vår fyrste jente. Ho er i dag 31 år og bur nå heime i nytt hus hjå familien sin.
Fleire av våre tidlegare barn er nå vaksne, har fått utdanning og klarer seg sjølve. Ein utskriven medfører ein ny inn, så generasjonane går allereie sin gang,
Me har både Enoti og Lendoya hjå oss nå som tilsette. Dei har trødd sine barnesko hjå oss, og det er kjekt når det passar seg slik at me kan tilsetje sjølve barn me har oppdrege og gjeve utdanning.
Det er svært vanskeleg å få seg lønna arbeide på det åpne markedet. I Tanzania generelt er der mange med gode utdanningar som ikkje får arbeide innan det dei er utdanna til.
I år skal me for fyrste gong ha kalkun til julemiddag den 25. Naboen vår gav oss ei diger kalkun som har gått på stas fram mot høgtida. Håper ho fell i smak. Normale år slaktar me ei geit, men det får bli til nyttår denne gongen. Mor til Talala, som studerar til ingeniør på universitet i Dar es Salaam, gav oss ei geit for nokre mnd sidan. Den vil passe.
Me har fått fleire nye på heimen og det ser ut til at dei alle finn seg godt til rette. Den siste er Daudi som er lillebror til Sikiraa som var den fyrste guten me mista i muskelsvinn. Daudi er og svak med same diagnosen, men foreløpig har han det bra med nye venner og rullestol og alt. Ein lillebror til er og på trappene til å bli ein del av familien vår.
Fleire av borna våre er på ferie i jula hjå familiane sine. Mykje kjøring for Paulo når alle skal heim til kvar sin kant, men dei eldste er så drevne at dei kan ta buss og elles det som er tilgjengeleg sjølve.
Det er dei av dokke som er faste gjevarar som er ryggraden vår i arbeidet, men me er og heilt avhengige av dei ekstra midlene som gjem frå anna hald, både frå einskildpersonar og andre som trer støttande til gjennom året.
Takka går til alle som har bidrege gjennom året. Håper eg kan sende brev neste år og. Der er mange som lir på mange kantar av denne urolige verda. Me må alle bidra der det føles riktig. Eg får sei som ordtøket, skomakar bli ved din lest. Eg har valgt meg dette hjørnet av verda og med dokkar hjelp gjere eg så godt eg kan her eg er. Ein kan ikkje redde heile verda, men ein kan gjere noko for nokon.
På vegne av storfamilien Tumaini Home vil eg med dette ynskja alle ei rektig god jul og eit godt komande år.
Christmasi njema na Heri yam mwaka mpya.
Ståle