27/04/2026
Takk til alle som blei med på fugleturen til Giske på søndag!
Dei tjue deltakarane fekk fine møte med både lokale hekkefuglar og trekkfuglar som skal vidare. Nærmare femti fugleartar blei loggførte.
Eit høgdepunkt var spelflukta til vipa og storspoven, to truga vadefuglar. Og songlerka jubla over oss det meste av tida.
Den langvegsfarande steinskvetten – som er i Vest-Afrika om vinteren – viste seg også fram i løpet av turen.
Svartand og havelle, to andeartar som hekkar i fjellet, var framleis å sjå på dei grunne sjøområda rundt øya. Der finn dei næring gjennom vinteren og i trekktidene.
På sjøen låg også tre islomar, ein art som hekkar på Island og i Nord-Amerika.
Av sjeldnare saker dukka ei amerikakrikkand og ein grønlandsmåse opp i løpet av dagen.
Ein hettemåse ved Kvalneset hadde ring på beinet. Det viste seg at fuglen var merkt som reirunge i Østfold-skjergarden i 2024.
Vi avslutta turen i Makkevika, der mannskap frå Giske ornitologiske stasjon hadde ein fin presentasjon av arbeidet til Sunnmøre Ringmerkingsgruppe.
✅ Følg Facebook-sida til ringmerkingsgruppa, så får du spennande nyheiter frå aktiviteten deira.
✅ Bli med på nye turar i regi av BirdLife Møre og Romsdal – vi annonserer dei her.
✅ Og verv ein venn som medlem i BirdLife! 👉 https://www.birdlife.no/organisasjonen/medlemskap