30/03/2026
Årsmøtet i Funkis Møre og Romsdal vart halde 28. mars på Scandic Seilet. Leiar Sølvi Hagen konstituerte møtet der 17 delegatar og 9 observatørar møtte.Iver Kåre Mjelve vart valt til møteleiar og Anna Margrethe Drægebø Moe til årsmøtesekretær. Alle sakene gjekk greitt unna med samrøystes vedtak. Siste post på dagsorden er val. Det nye styret og valkomiteen vart valt med akklamasjon. Styret 2026-2027, sjå biletet, fekk slik samansetjing: Frå venstre: Berit Johnsen styremedlem, Oddrun Beyer Holm kasserar, Sølvi Hagen leiar, Odd Arne Grande nestleiar og Anna Margrethe Drægebø Moe studieleiar/sekretær. Annvei Skogen Sørensen 1. varamedlem og Håkon Leikarnes 2. varamedlem var ikkje til stades og er såleis ikkje med på biletet.