21/09/2026
To stjerner frå Nordvest set BrassWind-festivalen i Bergen på kartet til helga🤩
Hilde Marie Holsen frå Jølster er årets festivalartist og du kan oppleve ho som solist på trompet med både Ensemble Obsidian og Manger Musikklag, som ho også har komponert eit nytt verk til. Ho er anerkjent for å eksperimentere mellom det akustiske og elektroniske landskapet, som skapar spennande tonar og klangfargar.
Jørgen Hernborg, saksofonist og komponist frå Molde, er årets vinner av stipendet og har komponert eit storslagent verk, «Liminal» til Manger Musikklag, og har hatt Torstein Aagaard Nilsen som mentor.
Vi heiar på komponister og musikarar frå regionen, så ta turen på konsert om du er i nærleiken 🙌
Les meir om dei to og festivalen i lenkja i kommetarfeltet.